I tilegg til sjølve tevlinga, der det skal konkurrerast i ei rekke ulike klasser, er det også i år eit rikt kulturprogram under Landskappleiken. Den norske dansegruppa Frikar skal kappast med kinesiske kung fu-munkar, medan Bygda Dansar viser det folkemusikalske syngespelet ”Liti Kjersti”. Det vert også konsertar, dansefestar og ei eiga scene for born.
Landskappleiken 2012 tek til onsdag 27. juni. Under opningsframsyninga vil publikum få oppleva både utøvarar- og musikk frå Gudbrandsdalen. Her vil ein markere at det er 400-års jubileum for slaget ved Kringen, og 50-års jubileum for Rondane Nasjonalpark.
Landskappleiken er den eldste festivalen i Noreg, og vart fyrste gong arrangert i 1896. Det er stor interesse for arrangementet, som kvart år flyttar til ein ny arrangementsstad. Det har vore ei auke på 10 prosent i antal påmelde i tevlingane i høve til Landskappleiken i Seljord i fjor. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangementet.
Landskappleiken vert avslutta med den tradisjonsrike Meisterkonserten sundag 1. juli. Her vil du få oppleve dei beste felespelarane, kvedarane og dansarane i Noreg. For fyrste gong i Landskappleikens historie vert det også sett opp kongepokal i klassa for durspel.
Det er Sel og Otta Spel- og dansarlag som er arrangørar av årets landskappleik. Laget har omlag 150 medlemmar, og har eige spelemannslag. I tillegg vil fleire hundre frivillige vere med på å sikre at arrangementet vert ei stor og positiv oppleving for alle.
Heimesidene til Landskappleiken 2012 finn du her. Her finn du informasjon om alt frå dansefestar og kulturprogram til overnatting og priser. Her vil du også finne resultata frå kappleiken, etter kvart som dei er klare.