Norsk Kvedarforum, som er ti år i år, inviterar til miniseminar om Lindemann, årsmøte og kvedarkveld i Oslo 11.februar.

Årsmøtehelga er eit samarbeid med FolkOrg, som inviterar til dommarkurs i vokal folkemusikk 12.februar.

Årsmøtet vil vere på Studieforbundet Populus på Grønland, Oslo, med adresse Schweigaardsgate 34 F, oppgang 2.

Programmet for dei to dagane ser slik ut:

Laurdag 11.februar

  • 1100-1300: Miniseminar om Lindeman:
  • Innleiingar til samtaler
  • Astrid Nora Ressem: Sveigdalen, Lindeman og forskaren
  • Ragnhild Furholt: Tilnærming og formidling av Lindemanoppskrifter

1300-1600: Årsmøtet

1630-1730: Innleiing til dommarkurs. Ingrid Gjertsen: Ulike stiltrekk i folkesongen.

1900-2400: Kvedarkveld

Sundag 12.februar

1000-1200: Kari Lønnestad: Gjennomgang av dommarskjemaet  i vokal og bruken av dette. Diskusjon

1230-1300: Pause med ein liten matbit.

1300-1500: Praktisk dømming med utgangspunkt i innslag frå førehandsspurte seminardeltakarar.
                      Avslutning og oppsummering.

Ansvarleg for miniseminar om Lindeman, årsmøtet og kvedarkvelden er Norsk Kvedarforum, medan FolkOrg er ansvarleg for domarkurset.

Påmelding:

Miniseminar om Lindeman og årsmøtet

  • Ingen deltakaravgift.
  • Påmelding til:  Jan Heier. Tlf.nr. 95894339. E-post: janheier@online.no

Dommarkurset

Felles påmeldingsfrist for både kurs og seminarer er 1. februar 2012. Du kan lese meir på heimesida til Norsk Kvedarforum, eller ta direkte kontakt med Rannveig Djønne på denne lenka.