Martin Myhr blir tildelt Hilmar Alexandersen musikkpris 2009 for sin store og allsidige innsats for norsk fokedans - som dansar, inspirator og nyskapar.

Martin Myhr er fødd og oppvaksen i Trysil. Han starta yrkeskarrieren som tømmerhoggar i Trysilskogen og som tømmerfløytar på Trysilelva/Klaraelva. Her fekk han utvikla kraft, spenst og styrke, som han har nytt godt av i alle år som hallingdansar. Dei siste 18 åra har han arbeidd som frilans folkekunstnar med hallingdans som hovudfelt. Han er mellom anna medlem av det etter kvart internasjonalt kjente dansekompaniet Frikar som i år vann den internasjonale Melodi Grand Prix , saman med felespelaren Alexander Rybak.
 

Aktiv og allsidig

Juryens grunngjeving for å gi prisen til Myhr er at han kan vise til eit uvanleg høgt og variert aktivitetsnivå som folkedansar. I snart 30 år har han vori mellom dei fremste hallingdansarane i Norge. Han har i denne perioden vunni Landskappleiken (NM i folkemusikk og folkedans) i hallingdans 7 gonger - 1981, 1987, 1990, 1996, 1999, 2005 og 2008. I ein alder av 48 år er han framleis like sprek og aktiv på scenen – m.a. som medlem av dansekompaniet Frikar.

Frå 1980 og fram til i dag har han gjennomført ca 2200 skolekonsertar – hovudsakleg i Norge, men har også turnert i Sverige, Danmark og på Færøyane.Han har hatt ulike oppdrag rundt om i Europa og fleire gongar i USA.

Martin Myhr har frå 1987 og fram til i år, gjennomført omlag 1050 forestillingar som dansar og skodespelar i familieforestillinga Putti Plutti Pott. Han har deltatt i meir enn 20 ulike teateroppsettingar – dei fleste av desse danseforestillingar - der han ofte har vori både idémakar, initiativtakar, manusforfattar, instruktør - og som regel dansar.