Bransjetreffet byr på tradisjons- og folkemusikk i full breidde. Kvart år blir nærmare 40 internasjonale og 150 nasjonale delegatar frå musikkbransjen invitert til bransjetreffet som har som mål å profilere norske og nordiske artistar.

- Årets Folkelarm blir den mest komplette versjonen av eit bransjetreff for folkemusikk og folkedansen, sidan starten i 2005. Det musikalske programmet er ein utmerka miks av dei mest spennande nykommarane vi har i Noreg og Norden, blanda med etablerte og kjende artistar,” seier Sigurd Reinton prosjektleiar for Folkelarm.

Nytt av året er også eit samarbeid med organisasjonen Samspill, som skal vise fram tradisjonsmusikk med røter frå Afrika, Asia og Midt-Austen. 

Anne Hytta_foto_ingvill_skeie_ljones_høyt
Anne Hytta. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Publikum og musikkbransjen kan med dette sjå fram til eit bransjetreff med eit solid seminarprogram og eit breitt spekter av tradisjons –og folkemusikk. Blant dei som står på scena i september er ”Årets nykomling” i Sverige 2014, Bjäran, Majorstuen med førestillinga Kvitre, fjorårets prisvinnar Unni Boksasp Ensemble, og fleire av årets platesuksessar og publikumsfavorittar som Erlend Viken Trio, Anne Hytta og Lady Moscow.

- Eg har stor tru på at vi no har funne ei form som fungera for bransjen, og som vil gi nokon av dei mest spennande folkemusikk- og folkedansopplevingane her til lands, forklarar Reinton

Sigurd Reinton
Sigurd Reinton, prosjektleiar for Folkelarm.

Tyskland i fokus

Folkelarm vidareføra arbeidet med kompetanseheving og kompetansedeling, og arrangera også i år over 20 seminar i løpet av dei tre arrangementsdagane. Noreg vart nyleg lansert som fokusland på ein av Tysklands største folke- og verdsmusikkfestivalar, Rodulstadt i 2015. Tyskland får difor ein litt spesiell plass i årets seminarprogram. I samarbeid med Music Norway, Kulturseksjonen i Utanriksdepartementet og MØST, skal den norske bransjen få innblikk i korleis det tyske markedet fungera, i tillegg til at ei rekkje bransjeaktørar frå Tyskland er invitert til Folkelarm. 

- Vi vidareførar også i år samarbeidet med sentrale aktørar i musikkbransjen, som Spot-festivalen i Danmark, Samspill, Kulturhusnettverket, Norske Konsertarrangører, Møst med mange fleire.. Eg er spesielt spent på samarbeidet med den danske Spot-festivalen. Vi sendte Eline Kåven til dei i år, og vi gler oss til få eit band frå dei over til Folkelarm i år”, avsluttar han. 

FOLKELARM-ARTISTAR 2014


Bjäran (SE) / Eplemøya songlag  / Erlend Viken Trio / Vilniss / Majorstuen - Kvitre / Global Fever Orchestra / Bansal Band / Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola / Puhti (FIN) / Sandum trio / Anne Hytta - Draumsyn / Unni Boksasp Ensemble / Revolver / Snakka San & Sver / Lady Moscow / Sissel Morken Gullord / Laura Ellestad / Kartellet /  Zwai Mbula (Samspill) / Aladin Abbas (Samspill) / Rohini Sahajpal (Samspill) / Utvekslingsband frå Spot-festivalen i Danmark /


FOLKELARM blir i år arrangert for åttande gong og vært heldt på Riksscena i Oslo 25. -27. september. Bransjetreffet presentera nordisk tradisjons- og folkemusikk i full breie, og kvart år kjem det ca. 40 internasjonale og ca. 150 nasjonale delegatar frå musikkbransjen til bransjetreffet som har som mål å profilere norske og nordiske tradisjons- og folkemusikkartistar.

> HEIMESIDENE TIL FOLKELARM