Festivalen er ein av dei viktigaste møtestadene for utøvarar og publikum med hjarte for norsk folkemusikk. Samstundes har stemnet heile tida vore ein fullblods festival med program som går ut over den tradisjonelle kappleiken. Strategien har vore vellykka, og dei siste åra har festivalen hatt publikumstal på godt over 9000.
Eitt av høgdepunkta i jubileumsprogramet er friluftskonserten Funn med den sørsamiske utøvaren Frode Fjellheim og vener. Konserten går føre seg på Jaslangen - ikkje langt frå staden der arkeologar nyleg oppdaga rester av samisk og norrøn aktivitet.
Eksportartikkel nr. 1 frå Valdres, Frikar, viser den ferske framsyninga Mjølk, og Gjermund Larsen Trio held kyrkjekonsertar i alle valdreskommunane. Nerven i festivalen er likevel det som hender på Valdres Folkemuseum. Her er det dans, kurs, kappleik og konsertar tett på utøvarane. Festivalartist i jubileumsåret er ein annan av Valdres sine store søner, hardingfelespelaren Jan Beitohaugen Granli.