Du ser dei alle stader. Med raude t-skjorter og refleksvest er dei limet som heldt festivalen i gang.
Kari Vole har vore med i spel- og dansarlaget i Vågå i mange år, og tek fleire vakter for laget og arrangementet denne festivalhelga.
- Eg er vakt, og hjelper til med å rydde på plass stolar i Vågåhallen, fortel 62-åringen, som til dagleg arbeidar som lærar i kommunen. Vole likar godt å hjelpe til når det trengst.
- Arbeidet går veldig greitt. Arrangementet er velorganisert med tydelege kommandolinjer. Dessutan kjem vi i kontakt med mange danseglade og musikkinteresserte folk, seier Kari som set pris på liv og røre i heimbygda.
Deltek sjølv
Kari Vole har også planar om å delta i dansetevlinga seinare i dag, saman med dansepartnar Svein Vole. Kari deltok ikkje i dansetevlinga på Landsfestivalen i 2011, men har fartstid frå dansetevling på Landskappleiken – både i solodans og i lagdans.
- Er det noko du ser særleg fram til?
- Ja, det er finalespelet. Det er høgdepunktet, avsluttar Kari.
Betyr alt
Stemnegeneral Kjærsti Gangsø får ikkje fullrost innsatsen frå dei friviljuge.
- Dei friviljuge betyr alt. Dei er avgjerande. Det er ikkje mogleg å lage eit arrangement utan dugnadsinnsats og stor velvilje frå dei lokale. Å betale for all arbeidskraft er rett og slett ikkje mogleg. Gjennom dugnadsarbeid skapar vi eit positivt engasjement for bygda og laget. Vi kjenner at vi lagar noko viktig saman, seier Gangsø.
Dei friviljuge er i alle aldrar, både dei som har vore med i friviljugarbeid i mange år og dei heilt ferske.
- Dugnadsarbeidet i Folkemusikk-Noreg, og særleg her på Landsfestivalen er ein fin introduksjon til organisasjonslivet, seier Gangsø.