Med SpiritOsa som tema var det nett denne lystige ånda ein ville få fram på årets Osafestival, spirituost i form av leikande og andelege framføringar. Festivalmusikar Bjarte Eike innfridde og vel så det for å gjera sitt til at ein spirituøs festival har gått av stabelen. Med Barokksolistene presenterte dei fyrst ein ale house konsert som fullstendig sette Osasalen tilbake til 1600-talets engelske pubar. Dagen etter var det jorda rundt på familiekonsert i fotspora på Gulliver. Laurdagskonserten i Nain vart nok eit høgdepunkt for mange, der Eike og Barokksolistene hadde med seg Berit Opheim på vokal. Melankolien stod i høgsetet denne timen, før festivalmusikaren kasta seg med i kavalkadaden der han drog i gang vovede drikkeviser frå middelalderen til stor muntrasjon hjå publikum. Elles så trollbatt Ragnhild Furebotten og Frode Hatli dei mange frammøtte i Osasalen med fele og trekkspel, ei fin oppfylgjing av folkemusikkmessa i Vangskyrkja frå den nye Ole Bull Akademi-rektoren, Jo Asgeir Lie. Dei klokkeklare røystene til Kvedarkvintetten fekk tårene til å trille hjå fleire tilhøyrarar og festivalen fekk ei sterk avslutting med den svenske trioen Crane Dance.

Årets artistar:

Bjarte Eike, Barokksolistene, Knut Erik Sundquist, Nicolas Dautricourt, Ragnhild Furebotten, Frode Haltli, Unni Løvlid, BIT20 Ensemble, Crane Dance trio (Mats Edèn, Jonas Simonson, Mattias Perez), Eilif Gundersen, Linda Gytri, Sigrid Moldestad (& dei strame karene..), Aslak Brimi, Rolv Brimi, Kvedarkvintetten, Sarah-Jane Summers, Morten Kvam, Juhani Silvola, Poul Høxbro, Steinar Ofsdal, NMH-studentar, Ole Bull-studentar Trad I & II, Voss Spelemannslag, Siyavush Kerimi, Jo Asgeir Lie, Håkon Asheim, Margit Myhr, Bergen Byspill, Trond Lossius, Polka med støyt.