Frigg |
Eit verdskjend brassband frå Serbia, hardingfeler, sigøynermusikk, palestinsk song, kurdisk musikk, fakirar, irsk musikk og riverdance , spansk flamenco, italiensk toradarkurs, indisk klassisk dans � � alt kan opplevast når Verda kjem til Førde, for 21.gong! Med temaet fridom og undertrykking set den internasjonale folkemusikkfestivalen fokus på musikarar sin rett til ytringsfridom, og kulturar sin rett til å leve og utvikle seg. Festivalen er unik og størst i Skandinavia i sin genre. 250 artistar frå 25 land, 90 arrangement.
Ta med flagget og vink til dronninga!
H.M. Dronning Sonja er Førdefestivalen sin høge beskyttar. Festivaldirektør Bjørkum håpar folk i Førde og omeng vil møte dronninga med flagg og dans. Torsdag kveld kl. 20.00 er ho på opningskonserten, fredag morgon vitjar ho unge musikarar i prosjektet Talent 2010. Arrangementet � �Musikk i sentrum� � ved Førde Torg kl. 0930 gir folk flest høve til å oppleve dronninga og få smakebitar frå programmet, heilt gratis.
Ragnhild Hemsing |
Premierar og nye produksjonar
Fredag er det premiere på festivalen sin eigen produksjon i høve Ole Bull-jubileet. Framsyninga tek utgangspunkt i Ole Bull som fridomsforkjempar, verdsmann og elskar av tradisjonsmusikk. Publikum vil får høyre Bull sitt virtuose og folkemusikkinspirerte stykke � �Polacca Guerreira� � bli framført av Ragnhild Hemsing, med Dimitris Kostopolous ved klaveret. Elles medverkar felemeisteren Per Anders Buen Garnås, velrenommerte Kroke frå Polen, Orquestra Chekara Flamenca frå Spania og Marokko og Cuba Libre med Sverre Indris Joner i spissen når publikum får vere med Ole Bull på hans reiser i Amerika, Europa og Afrika.
Den andre premieren er eit musikkteater for born, I berget det blå. Produksjonen er i samarbeid med Gloppen Musikkfest.
Musikk, utstillingar, kurs...
Det skjer fleire ting under festivalen: Norgespremiere på 25 meter fotoutstilling, Tracking Freedom, av Høyangerfotografen Tom Hatlestad. Kurs i flamenco, irsk dans, palestinske voggesongar og italiensk toradarkurs. Familieverkstad ved sjantifantane. I tillegg kjem Førdekonferansen:
Opera og halling dei nye kulturnæringane?
Førdekonferansen 8.juli har tema innovasjon og nytenking i kunst- og kulturformidling. Hallgrim Hansegård, eigar av FRIKAR Dance Company, har gått frå solodans til bedrift med 30 dansarar. Flaks, geni eller hardt arbeid, spør vi. Andre innleiarar: Tom Remlov - direktør Den norske opera og ballett, Ian Smith � � frå Creative Scotland, leiar ved Jærmuseet, Målfrid Snørteland, frå to til 52 tilsette sidan 1986. Program og påmelding (framleis ledige plassar) på www.fordefestival.no
Høyr musikken på:
http://www.myspace.com/fordefestival
Filmar og bileter finn du m.a. på
www.youtube.com/fordefestival
www.facebook.com/pages/Forde-Norway/Fordefestivalen/74584319980#
Blogg: http://fordefestivalen.blogspot.com/