Tradisjonen tru byr festivalen på noko for einkvar smak: både ferske og nyskapande artistar, legendariske gjengararar, eit spennande tingingsverk og mykje meir.

Yasmin Syed opnar jubileumsfestivalen


I jubileumsåret er det vinbyggje og NRK-profil Yasmin Syed som har fått det ærefulle oppdraget å opne den tradisjonsrike festivalen. Kristian Hanto – Telemarkfestivalens fyrste styreleiar – skal vidare leie jubileumskonserten på torsdagskvelden. Bøheringen Jon Solberg framfører jubileumslåta, og det musikalske programmet blir mangfaldig og spennande med både kjende og ukjende utøvarar frå fjern og nær.

Mangfaldig festivalprogram


Av internasjonale storleikar kan nemnast songarinna Márta Sebestyén frå Ungarn og den irske songaren Seán Keane, som båe har vitja festivalen to gonger tidlegare og gjort sterke inntrykk. Andre langvegsfarande er Monsieur Doumani frå Kypros, Breabach frå Skottland, britiske Matthew & the Atlas, og norsk-amerikanske Logan Lind i eit samarbeid med Bø Countryklub. Festivalen presenterer også «kortreist» musikk i form av banda Byting og Ugras frå Bø, Marie Tveiten frå Seljord og Anne Hytta frå Sauland.
 

"Ei av Telemarkfestivalens viktigaste oppgåver er å vere med og bidra til eit aktivt og mangfaldig musikkliv i regionen, og me er glade for å presentere mykje «kortreist» musikk i løpet av festivalhelga" 

Kristoffer Mosfjeld, dagleg leiar i Telemarksfestivalen.

Anne Hytta
Anne Hytta framfører sitt prosjekt «Draumsyn» i Gamle Bø kyrkje torsdag kveld. Foto: Ingvil Skeie Ljones


Løndalsspelet er i fokus under årets Borgjakonsert, der Per Anders Buen Garnås, Anne Hytta, John Bondal og Lars Ingar Meyer Fjeld medverkar. Hekla Stålstrenga, Staut og Erlend Apneseth kjem også til Bø, samt trioane Nordic Fiddler’s Bloc, Snowflake Trio og Erlend Viken Trio. På sundagen kan du få med deg Lars Fykerud-programmet til Hallgrim Berg og Per Anders Buen Garnås på Evju Bygdetun.

> les meir om programmet på festivalens heimesider

Tingingsverket – eit jubileum i jubileet


Årets tingingsverk er det 15. i rekka og det blir dermed eit lite jubileum i jubileet for Telemarkfestivalen dette året. Mange av dei tidlegare verka har levd gode liv i mange år etterpå: «Nivelkinn» av Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren og «Brytningstid» av Gjermund Larsen, som vart smykka med Spellemannprisar, «Walz With Me» av Annbjørg Lien og «Idjagiedas» av Mari Boine som båe vart nominerte til Spellemannpris. 

I årets tingingsverk ønskjer festivalen å heidre den norske songtradisjonen ved å la fire av våre framste kvinnelege kvedarar få presentere nye melodiar og tekstar. Desse fire er Ingvill Marit Buen Garnås, Unni Boksasp, Camilla Granlien og Anne Nymo Trulsen.  
 

Telemarkfestivalen varar fram til og med sundag 10. august. 

> Heimesidene til Telemarkfestivalen

> Speleliste for Telemarkfestivalen 2014