Det er ei stor glede å ønskje velkommen til Bøkappleiken 2012 og 200-årsmarkeringa for Hans Flatland, også kalla Hellosen f. 1812. Hans og broren Jon Eriksen f. 1790 vaks opp på plassen Hellos ved Bøelva. Hans flytta til Flatland, og gjekk seinare under namnet Gamle-Hans Flatland. Han fekk spelemannsønene Olav Flatland, Vesle-Hans Flatland og Halvor Flatland. Jon flytte til Helland, og blei den fyrste av dei fjorten felemakarane i Helland-Steintjønndalen-ætta. Det er få familiar i landet som har sett støre merkje etter seg innan hardingfeletradisjonen. Bø kommune har seinare fått tre hardingfeler i kommunevåpenet, og vi har ein stor arv å føre vidare. Flatland-spelet er av mange rekna som den mest sentrale vidareføringa av spelet etter Møllarguten, Torgeir Augundson. Olav og Vesle-Hans reiste til Amerika. Broren Halvor blei da åleine om å kunne mange av dei store slåttane i familitradisonen. Han blei bindeleddet til vår tid, som læremeister for Halvor J. Lie, Olav Evju, Tollef Forberg, og fleire andre. Å ha lært slåttar av Halvor Flatland gav status, og lærevillige strøymde til frå heile hardingfeleområdet.
I 2001 arrangerte Bø dansarring, Bø juniorspelemannslag, Spelemannslaget Bøheringen og Bø Ungdomslag «Flatlandstemne». Laga har arrangert konsert og kappleik kvart år sidan, og arrangementet har fått namnet Bøkappleiken. Stor dugnadsinnsats blir nedlagt, og lokalt næringsliv tek del i finansieringa. I 1888 blei landets fyrste kappleik arrangert på Grivi i Bø. Initiativtakarane var «fanklubben» til Halvor Flatland, som blei nr 2 etter Lars Fykerud.
Telemark Museum i samarbeid med Til Telemark AS lanserer boka «Flatlandspelet – arven etter Myllarguten». Denne blir presentert under fredagens konsert, kan kjøpast under kappleiken og er årets deltakarpremie. Boka er skriven av Asbjørn Storesund, m.a. basert på eit manus etter Olav Nordbø. Utgjevinga kjem som det tiande årsskriftet til Bø museum, med 173 sider. Takk til dei mange informantane, finansieringskjeldene og entusiastane. Elin Mæland Skogen v/ Telemark museum bør nemnast særskilt for arbeidsinnsatsen sin.
Konserten vil trekke fram Flatland-spelet med soger. Lokalt representert v/ forfattar Asbjørn Storesund, samt spelemennene Per Anders Buen Garnås og Torgeir Straand. Hallvard T. Bjørgum, Knut Buen og Leif Rygg vil setja tradisjonen i nasjonal samanheng. Dei representerer Setesdal, Telemark og Vestlandet.
Heidersmeldlem i Spelemannslaget Bøheringen, Sveinung Dalen, er rik på Flatland-spel og har fylt 90 år i 2012. Styremedlem Arnfinn Staurheim, eldsjel og landskappleikvinnar i kveding, har fylt 70 år. Gratulerer med dagen!
Kappleiken laurdag byr på tevlingar i spel, dans og kveding, med gjæve vandrepremiar til alle klassevinnarane. Dommarar er Ellen B. Nordstoga, Agnes Buen Garnås, Leif Rygg, Per Sandvik, Erland Tveiti og Arne T. Aabø.
Vel møtt!
200-årsjubileum for spelemannen Hans Flatland
Bøkappleiken 2012
I kveld inviterar arrangørane av Bøkappleiken 2012 inn til 200-årsjubileum for spelemannen Hans Flatland, også kalla Hellosen f. 1812. Konserten vil trekke fram Flatland-spelet med soger. På konserten vil du få høyre Per Anders Buen Garnås, Torgeir Straand, Knut Buen, Leif Rygg og Halvard T. Bjørgum. Resten av helga blir fylt opp med både boklansering og kappleik i Bø. Vel møtt!
Denne artikkelen er over 12 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.