I samarbeid med Folkeakademiet skal Jostedal spel- og dansarlag markere at det i år er 100 år sidan spelemannen Sjur Hesjevoll vart fødd. 

- Sjur Hesjevoll er ein av dei viktigaste spelemennene me har frå Jostedalen. I 1954 var han med på å skipe Jostedal spel- og dansarlag. Han gjorde innspelingar som er viktige for å bevare og vidareføre folkemusikktradisjonen i Jostedalen og Sogn. 

Det blir konsert med musikalske bidrag frå Helene Myklemyr Bolstad, John Oddvar Kandal, Sigmund Eikås og Håkon Høgemo.

- Dette er spelemenn som er kjennarar av Sjur Hesjevoll sitt spel, og me får høyre dei både i samspel og solo. I tillegg deltek medlemmer frå Jostedal spel- og dansarlag på konserten. Olav Stølen vil også fortelje, og gje publikum eit rikare bilete av kunstnaren Sjur Hesjevoll. Noko av Hesjevoll sitt arbeid vil også bli presentert i ei eiga utstilling, fortel arrangørane. 

« Han spela sjølv den enklaste danseslått, slik at tårene rann på dei som høyrde på.»

unknown
Håkon Høgemo er ein av spelemennen som skal heidre Sjur Hesjvoll til helga. Foto: Eivind Kaasin

Ein ettertrakta dansespelemann

Sjur Hesjevoll vart fødd 19. mars 1914 på garden Hesjevoll i Jostedalen. Han var ein ekte kunstnar, og dreiv med både kunstmåling, treskjæring og dreiing. Foreldra hans var gode til å synge og tralle, og Sjur fekk tidleg sans for musikken. Allereie som gutunge tok han til med å spele fele, og det er som spelemann han er mest kjend. 

- Slåtterepertoaret til Sjur var stort og allsidig, med både runddans og bygdedans. I tillegg til lokale tradisjonsslåttar henta han inspirasjon frå grammofonplater og radioprogram. Han var ein flink læremeister, og reiste rundt i fleire sognebygder for å halde kurs i felespel, fortel arrangørane. 

Dei fremhevar at Sjur hadde sin eigen måte å forma slåttane på. 

- Han kunne veksla mellom eit stort spekter av uttrykk, frå det lyriske og ettertenksame til det fossande og storslagne. Med ekte innleving og formidlingsevne kunne han spela sjølv den enklaste danseslått, slik at tårene rann på dei som høyrde på. 

- Det var ikkje minst det heilskapelege inntrykket av ein spelemann der mimikken og muskelspelet i heile den mjuke kroppen var med på å understreka rytmen og tonane. Det rytmisk drivet han hadde i spelet sitt, gjorde han til ein svært ettertrakta dansespelemann, fortel dei. 

Sjur Hesjevoll var mest kjend som dansespelemann, og Jostedalsspringaren vil difor stå i fokus under markering på laurdag.

 - Dersom ein kjenner rykket i dansefoten under konserten, får ein høve til å svinge seg litt når dei same spelemennene spelar opp til dans, etter ein god kopp kaffi, avsluttar dei. 

Markeringa går føre seg i Jostedal samfunnshus laurdag 22. mars kl. 19.00

> LES MEIR PÅ: www.folkemusikkijostedal.no