Kan du seie litt om din oppvekst med folkemusikk og dans? 
 
- I mi heimbygd, Jølster, var det eit veldig aktivt folkemusikkmiljø då eg vaks opp. ”Alle” spelte fele, og der var to spelemannslag – eitt i indre og eitt i nedre bygda. At eg sjølv begynte å spele, var litt tilfeldig. Ingen i familien min er særleg interesserte i den musikken, men eg hadde fleire vener som dreiv med folkemusikk. Så då vart det fele, i tillegg til korps og TenSing.
 
- Eg opplevde folkemusikkmiljøet som veldig inkluderande, og vi som var unge fekk vere med på mykje. Vi var ein stor gjeng jamaldringar som reiste på kappleikar, festivalar og andre eventyr, og ikkje minst fekk vi tidleg ”vise oss fram” på lokale konsertar og andre arrangement. Noko av det eg synest er så bra med folkemusikkmiljøet, er samveret på tvers av generasjonar. Så eg trur at dette med det sosiale, og det å bli sett – få ”oppbacking” – bli utfordra, spelte ei svært viktig rolle for at eg til slutt valde å satse på folkemusikken.
 
Hadde du nokre læremeistrar og eldsjeler som var viktige for di utvikling og dine vegval? 
 
- Det er mange som har vore viktige for meg, både som miljøskaparar og reint musikalsk. Nokon nemnt, men ingen gløymt! Her i Jølster må eg trekkje fram særleg Ingrid Søyland og Sigmund Eikås som to fantastiske eldsjeler som har lagt ned tusenvis av dugnadstimar, og som spelte på lag med oss ungdomane. Innsatsen deira let seg vanskeleg måle. Det å ha pådrivarar og initiativtakarar over tid er utruleg viktig.
 
- Noko eg set pris på, er at eg alltid har blitt oppmoda om å spele det eg likar, lære av mange utøvarar og gå på skattejakt i arkiva. Sjølvsagt med viktige korrektiv undervegs.  Eg trur det gav meg ein tryggleik som har gjort at eg kjenner meg veldig fri i det eg gjer. Nokre opplever tradisjon som ei avgrensing – for meg er det eit uttrykk for fridom.

Når bestemde du deg for å satse på musikken som leveveg? 
 
- Det var medan eg studerte i Bergen . Alt det spennande eg fekk oppleve i Marylands og som publikummar på Columbi Egg gjorde at eg til slutt berre bestemte meg – og flytta til Oslo for å studere på NMH. Tida på NMH var ekstremt spennande og lærerik, og Håkon Høgemo har sidan då vore ein viktig mentor.
 
Kva har vore dine opphaver og og verv i lokallaget før og nå? 
 
- I dag er eg styreleiar i Sogn og Fjordane Folkemusikklag på tredje året, og det synest eg er både meiningsgjevande og utfordrande. Det er mange oppgåver å ta tak i, og mykje upløya mark. Noko av det kjekkaste er at Mokurset framleis held stand som ein viktig sosial og musikalsk møtestad for born og unge. Mokurset betydde veldig mykje for meg i min ungdom, og var eit høgdepunkt i året som verkeleg inspirerte.

-Elles jobbar vi for å styrkje folkemusikken og medlemmene våre sine rammevilkår på regionalt plan, og har dessutan lagt mykjer ressursar i gode informasjonstiltak. Det er viktig at folk engasjerer seg, og eg kjenner det som ei lystbetont plikt å følgje opp arbeidet som folk har gjort før meg.
 
- Tidlegare har eg vore styremedlem i Indre Sunnfjord Spelemannslag. Då eg flytta til Oslo, vart eg med i ungdomsnemnda og seinare styret til NFD. Eg har også site i valnemnda til både NFD og FolkOrg.
 
Korleis ser ei "vanleg" arbeidsveke ut for deg? 
 
- Eg arbeider halv stilling som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane, og er frilansar i tillegg. Begge jobbane er i stor grad prosjektretta, og slik sett er det sjeldan at arbeidsvekene er like. Tidvis blir det ein god del reising i samband med turnéar.
 
- Men eg prøver å ha ei form for struktur på arbeidet, og har gjennomsnittleg ein fast dag i veka med undervising i kulturskulen. Formidlingsverksemd som konsertar og div. musikalske innslag skjer ofte på kveldstid og i helgane, men også i vekene – alt etter kva type oppdrag det er. Måndagen er som regel min ”fridag”.
 
- Nokre prosjekt krev ein god del planlegging, reint administrativt, og i periodar blir det meir tid framfor dataen enn med fela mellom hendene. Men stort sett blir det litt av kvart – kvar dag. Heldigvis har eg blitt flinkare til å definere og avgrense arbeidstida mi – slik at eg også har fritid!
 
I denne artikkelserien ser vi m.a. på arbeidet kring den lokale rekrutteringa - har du nokre tankar om kva som er viktig her? 
 
- Det er mykje som er viktig for rekruttering lokalt. Eldsjeler, kontinuitet og møtestader der ein kan dyrke felles interesser både i formelle og uformelle settingar. Det fins dessverre mange døme på at eit heilt miljø kan rase saman den dagen eldsjelene takkar for seg, og ingen andre står klar til å ta over stafettpinnen.
 
- Samfunnet er jo i stadig endring, og på folkemusikkfeltet er det både fleire og nye/andre aktørar enn før. Der spelemannslaga før hadde ansvaret for opplæring, føregår dette i dag ofte i regi av kulturskulane. Og det er bra! Men det er likevel veldig viktig med eit godt samarbeid mellom kulturskulen og det frivillige folkemusikkmiljøet. Det nyttar ikkje med berre 20 min i veka på kulturskulen. Det må vere eit miljø og noko som skjer utover dette.
 
Og dette handlar kanskje også ein del om økonomi?

- Det  handlar nok mykje om økonomi, ja. Og om samarbeid, respekt, utvikling og vilje til å sjå moglegheiter. Den store ”dugnadsalderen” er på veg ut, og folk gjer stadig strengare prioriteringar av kva dei ønskjer å bruka tida si på. Difor er det viktig at det fins stillingar for folkemusikarar/-dansarar som gjer at dei kan prioritere å drive med opplæring og rekruttering  - gjerne i kombinasjon med utøvande verksemd. Ein god del kulturskular har i dag tilbod om folkemusikkundervising, men dei tilsette har ofte små stillingar og mange arbeidsgjevarar – med alle dei ulempene det medfører. Så – eit stort og rungande JA til interkommunale samarbeid og distriktsmusikarstillingar!
 
- Det å arbeide med ein levande folkemusikktradisjon og vidareformidle ein immateriell kulturarv krev innsats på mange område over tid. Det trengst arenaer for både læring/opplæring, formidling og oppleving. Kulturskulane spelar mange stader ei viktig rolle, og skule- og barnehagekonsertar kan vekke nysgjerrigheita til nye potensielle utøvarar.
 
- Men eg trur også det er viktig å i større grad få folkemusikken/-dansen inn som ein naturleg og integrert del av kvardagen i barnehagen og skulen. Ikkje fordi alle skal bli musikarar eller dansarar, men fordi born og unge skal få lov til å få kunnskap om og kjennskap til sin eigen kulturarv som gjennom å vere aktive brukarar og deltakarar. 

Korleis trur du ein best kan få det til? 
 
- Folkemusikken og –dansen passar eigentleg inn over alt i fag- og rammeplanar – det handlar berre om ein vilje til å gjennomføre det. Vi må ikkje gløyme at skule og barnehagar også er viktige kulturformidlarar. Når borna syng i barnehagen – ville det ikkje vere flott om dei kunne få synge tradisjonelle songar frå sitt eige lokalmiljø? Dette krev sjølvsagt personale i barnehage og skuleverk har den nødvendige kompetansen, og at det fins tilgjengeleg læremateriell – så her har vi ein godt stykke arbeid å ta tak i, avsluttar Synnøve Bjørset. 

Synnøve S. Bjørset

Interesserte kan lese meir om Synnøve Bjørset på denne heimesida. Tidlegare artikler i denne serien finn du her og her, eller ved å klikke på lenkene oppe til venstre.