Kva fekk deg til å byrje med folkedans, Martin Myhr?

- Då eg var liten visste eg ingenting om lokal folkemusikk og dans. Men eg hadde ein filleonkel i Oslo, Jacob Kvilvang, som var med i Østerdalsringen. Sjølv var han frå Nordøsterdalen, men i Østerdalsringen kom det også tryslinger som var på arbeid i Oslo.

- Mellom anna ein skjeggete kar som heiter Øyvind Kvile. Han dukka både opp på TV som hallingdansar fleire gonger, og også heime hos oss som kortspelar. Dette var ein uslåeleg kombinasjon tideleg på 70-talet. Då desse karane pluss nokre fleire heimflyttande starta Trysil Knut Dans- og Spelemannslag i 1973, vart eg med med stor innsats.

- Etter nokre spede forsøk på dans, putta onkel meg i bilen og køyrde meg til Fagernes og Jørn Hilme-stemnet då eg var 14. Då fekk eg sjå kor stort miljøet kunne vera, og det å møte andre ungdomar som dreiv med det same inspirerte meg. Øyvind Kvile var ein svært tolmodig lærar og gadd å drasse rundt på den vesle tassen på tallause arrangement.

- Seinare møtte eg Geir Egil Larsen, som må ta mykje av skulda for at eg er dansar på heiltid. Han drog meg med på skuleturnear i inn- og utland, mens eg enno var skogsarbeidar på heiltid. 2200 skulekonsertar vart det til slutt! Kanskje enno viktigare var mekaniseringa i skogbruket, og at svenska la ned tømmerfløytinga i Trysil. Men største skulda har om ikkje «snekkern», den bjørka eg fekk i skallen i 1986.

Som nisse i "Putti Plutti Pott", som sju gongers Landskappleikvinnar eller som dansar i FRIKAR – publikum kjenner deg frå mange roller på scena og i media, men korleis ser ei normal arbeidsveke ut for deg?

- Det er ikkje mykje rutiner her i garden, men ulike prosjekt frå veke til veke. Ein glidande overgang mellom utøving, administrasjon og undervisning. Før hadde eg om lag 90 prosent av inntekta frå utøvande, mens no er nok andelen sunke til under 50. Her eg bur på Torpo har eg mykje arbeid og engasjement for ungdomslaget Hugnad UL, der mykje av opplæringa av lokale talent skjer.

- Eg er også danseinstruktør og ansvarleg for at 5 dansegrupper og ei kvedargruppe rullar og går. Og eg er dagleg leiar og økonomiansvarleg i Hallingdal Juniorspelemannslag. For nokre år sidan var eg så heldig å få garantiinntekt frå staten. Ei ordning som gjer at eg får kompansert inntekta mi med stipend dei åra eg ikkje tener så mykje. Det er ein tryggleik som eg er veldig glad for å ha og i tillegg ser eg på det som ei anerkjenning av folkedansen som sjanger.

Kva tenkjer du er viktig for rekrutteringa til dans?

- Langsiktigheit, langsiktigheit og langsiktigheit. Ungdommen må få koma ut og møte andre som held på innan sjangeren. Ein treng inspirerande miljø og utfordringar for dansarar. Vi må halde på konkurranseaspektet på Landskappleiken  med poeng og heile suppa - ikkje minst i C-klassa. Og sørge for at dansen får betre plass på festivalar og på Folkelarm.

- At dei som har dansa lenge gidd å møte opp der det er dans, er og viktig for inspirasjon og miljøskaping. Det må arrangerast dansefestar - og her har alle eit ansvar for å delta og bidra til dansen ved å møte opp!

- Spesifikt for Hallingdal har Strunkeveko i Valdres vore noko av det viktigaste for rekrutteringa. Bygda Dansar er også eit viktig prosjekt. Dei siste 3 åra har eg vore lokal prosjektmedarbeidar i Bygda dansar-prosjektet i Buskerud – Danseru', og det har vore spanande.

Snart er det premiere på den store avslutningsforestillinga "Liti Kjersti" av Hulda Garborg, der Leif Stinnerbom har regi. Premiera er sjølvsagt lagt til Riksscenen i Oslo, og dei 29 aktørane frå Buskerud er spente. Om du vil få trua på at det er liv laga for alle spekter av norsk folkemusikk og dans, så møt opp 15. april kl 17!