Tekst: Ida Habbestad, Bladet Folkemusikk
Kva har vore målsettinga med arbeidet de har gjort med folkemusikk i kulturskulen – og kva utfordringar har de møtt på vegen?
- Me har vore ambisiøse, og ynskt at dette skulle føra med seg element av integrering. Den største utfordringa vår er knytt til dette. Me hadde ynskt at fleire etnisk norske ville ha undervisning i utanlandsk folkemusikk, og omvendt. Der har me eit stykke att. Men me har hatt fleire positive samarbeidsprosjekt mellom lærarar og elevar. Sjølv om ein ikkje handsamar uttrykka til kvarandre, har ein oppnådd venskap på tvers av kulturar.
Er de nøgde med tilbodet?
- Me er godt nøgde med lærarkreftene våre. Men hadde det vore større etterspurnad, skulle me gjerne utvida.
Du meiner det er for liten pågang til å starta nytt?
- Det er i alle fall ikkje store ventelister på områda. Me får ein del tilbod frå personar som ynskjer å undervisa, men i mange tilfelle er det vaksne som vil læra. Dei fell utanfor målgruppa vår. I andre tilfelle har me skipa til kurs, men opplevd at folk trekkjer seg når dei forstår dei må betala for det.
De underviser i hovudsak i det søraustasiatiske. Er det ikkje ekskluderande å berre gje tilbod i musikken til éi kulturell gruppe?
- Slik må det nødvendigvis bli. Det fleirkulturelle tilbodet vårt starta då Jayapalan kom med ei elevgruppe til oss; ein etterspørsel. Samstundes har me forsøkt å dekkja område som ikkje finst elles. Til dømes har me ikkje tilbydd mykje afrikansk musikk, sidan fleire andre tilbyd det privat.
Har politikarane gjeve pålegg om eit fleirkulturelt tilbod?
- Nei, det siste pålegget me fekk, var å oppretta ein kulturstasjon i Groruddalen. Me har òg pålegg om å redusera ventelista. Det er det klåraste pålegget me har.
Oslo musikk- og kulturskole
* Eit prosjekt retta mot søraustasiatiske kunstuttrykk starta hausten 2002, med støtte frå Norsk kulturråd. Etter ein treårig støtteperiode vart lærarane tilsette. I dag har skulen fire lærarar og 123 elevar på området.
* Har tilbydd undervisning i norsk folkemusikk sidan hausten 2005. Har i dag 2 lærarar og 22 elevar.
* På folkemusikkfeltet er det totalt 145 elevar, noko som tilsvarer 2 % av den totale elevaktiviteten.
Artikkelen sto opphaveleg på trykk i Bladet Folkemusikk, nr. 5, som kom ut rett før jol. Folkemusikk.no vil denne veka bringe fleire artiklar rundt dette emnet, og tar gjerne imot innspel frå lesarane.