Tala seier sitt. Ta til dømes utdanningsinstitusjonane. Ole Bull Akademiet på Voss har 700 studentar kvart år på vekeskurs i folkemusikk. Eit femtitals elevar er sidan 1996 og til i dag uteksaminert ved skulen. I dag har skulen ti studentar på bachelor-studiet. På høgskulen i Rauland har nær 500 studentar vore innom folkemusikkstudiet sidan starten i 1987.
Ei mengd plateselskap, mellom dei Etnisk Musikklubb, NORCD, Grappa og fleire produserer eit hav med plater kvart år. Til plateprisen for Folkelarm i år er 49 plater påmelde. Den økonomiske støtta til Folkemusikk-Noreg er for brødsmular å rekne samanlikna med kva Klassisk-Noreg får til sine symfoniorkester, musikkfestivalar og anna. Men veksten i Folkemusikk-Noreg er stor. I 2002 fekk dei 20 millionar å rutte med, fordelt til mellom anna organisasjonsliv, musikarar og plateproduksjon. I 2010 fekk dei 60 millionar kroner.
Uoffisielle tal seier at 100 personar lever som profesjonelle folkemusikarar. Nokre står i front: Knut Buen, Tuva Syvertsen, Sigrid Moldestad, Majorstuen og FRIKAR. Dei er trekkplaster og får merksemd i media. Men trekker dei nytt publikum, eller skapar dei åtgaum fyrst og fremst blant sine eigne?
Så, kvifor alle desse tala og oppramsingane? Arbeidet i det norske folkemusikkmiljøet gjer seg ikkje sjølv. Lojaliteten til sjangeren heng – nokre gonger – i ein tynn tråd – som alt anna i eit flyktig, postmoderne samfunn. Vi er shopparar, som shopparar på 5th Avenue, og let oss styre av magekjensle og dagsform. Folkemusikk i går, jazz i morgon? Arbeidet for å nå nye, drive publikumsbygging er viktig, kanskje viktigare enn nokon gong.
Kven tek så ansvaret for byggeprosjektet? Nokre døme: Den Norske Folkemusikkveka i Ål, 2011: Eg var der i tre dagar. Hallingdølen skriv 31. mai at heile 5500 publikummarar tok del i festivalen. Samstundes var det uvanleg stille i gatene. Lite vitna om fest og moro. Skilt og banner var lite synlege. Noko av den same stilla finn ein visstnok i storstova på Riksscenen. Med ein halv million potensielle publikummarar er det borga for storfest kvar veke. Men det skjer ikkje. Få nyttar seg av tilboda.
Landsfestivalen på Oppdal: Eg var der sjølv og likte arrangementet. Likevel var det ingen pressefolk til stades. Ingen. Kven tek ansvar for å nå nye publikumsgrupper når ikkje miljøet sjølv tek sin del av arbeidet? Kven ringjer til Nationen for å invitere journalistane? Eller til Dagbladet for å selje den gode historia? Har vi noko å lære?
”Vi må ta inn over oss det brutale faktum at folk flest ikke bryr seg om det vi holder på med”, skriv Harm-Christian Tolden, direktør i Norsk Publikumsutvikling på Kultmag (16.03.11) før han konkluderer: ”Først og fremst handler det om en toppledelse som er sitt ansvar bevisst og lar publikumsarbeidet gjennomsyre hele organisasjonen.”
Vi skal ikkje erobre verda med folkemusikken, drive imperialisme og misjonering. Kanskje dreier det seg heller om andre verdiar, andre ynske? Tuva Syvertsen skriv i den alt nemnde debatten på Facebook: ”Det handler ikke om å erobre noe som helst. Det handler om nestekjærlighet. Jeg synes oppriktig synd på alle som ikke har hørt Marit Karlberg synge.”
Visst har sjangeren est seg oppover og bortover. Folkemusikk-Noreg har vorte synleg og profesjonelt, men kanskje syner det best i eige miljø? Gløymde vi å invitere naboen?
Knut Aastad Bråten
Interesserte kan lese meir om Bladet Folkemusikk på denne lenka. Her kan du óg tinge abonnement. Om våre lesarar vil kommentere denne eller andre sakar, er det berre å ta i bruk kommentarfeltet -- eller sende innlegg direkte til redaksjonen.