Birgit Rike Lund. Foto: Ingvil Skeie Ljones
Birgit Rike Lund. Foto: Ingvil Skeie Ljones

I 1952 KOM TRE menneske og eit flyttelass ned dei krokete vegane i dalføret. Ein avstikkar gjorde dei, nokre månader til Øyestad ved Arendal, før ferda gjekk vidare mot eitt av dei sørlegaste punkta i landet. Kvardagen i Setesdal var eit tilbakelagt kapittel. Korkje Birgit eller mannen, Jon, hadde odelsrett. Jon fekk arbeid på Samvirkelaget på Vanse, og dei braut opp, som så mange før dei, for å starte livet ein annan plass.

Kanskje køyrde dei endå litt lenger den første dagen i Farsund kommune. Kanskje tok dei turen det korte stykket frå Vanse og ut til Lista fyr, slik me gjer det denne dagen: Opnar bildøra, får vinden rett i fanget. Skodda er tett. Lufta er fuktig. Det luktar ramt av havsalt.

Sjølv meiner Birgit at kontrasten – og lengten – var med på å gjere songane viktige. Så snart ho hadde sjansen, tok ho turen heimom, til Setesdal. Vissa om at valet var teke – for lang tid – sat i henne. - I dag er det lettare for folk å selje huset og flytte til ein annan plass. Før var det meir slik at hadde du hus, då budde du gjerne der, så lenge du levde, seier Birgit.

Det var kan hende ingen folkemusikkplass dei hadde flytta til, men Farsund var spanande på anna vis. Her var ein i ei dynamisk brytingstid mellom tradisjonane heime og impulsane utanfrå.

For i Farsund finn ein nokre av dei høgste tala for utvandring til USA. I 1910 hadde ein fjerdedel av innbyggjarane vore over Atlanteren. I 1920 var talet oppe i 30 prosent. Det verkeleg spesielle var at mange vende attende etter ei tid, eller dei pendla mellom jobben der borte, og familien heime. - Det var mykje snakk om Amerika, det minnest eg godt, seier Birgit, og nemner ting folk hadde med seg. Bilar og kjøleskap. Teppe og klede. Leikar. Badeinnreiing, ja til og med planar for hus. Slik har det seg at huset dei flytte til i 1973, har klår amerikansk påverknad, med stor garasje, fleire plan og opne løysingar.

Tidene gjorde noko med Vanse. Folk tok til med skogplanting og nybygg. Aluminiumsverket vart reist. Infrastrukturen vart betre. På Lista fekk ein flyplass.

På privaten var det familielivet som stod i høgsetet. To barn til vart fødde, og Birgit var heime med dei til dei var konfirmerte. Då tok ho arbeid som hjelpepleiar, eit arbeid som ho treivst godt med. - Arbeidet var nær eit ynske eg hadde. Eg ville gjerne ha vore sjukepleiar, det var målet mitt det, då eg var ung. Men det vart ikkje til det, seier Birgit.

Tida har gjeve andre høve. Birgit har vore på landskappleikar og lokale arrangement. Ho har reist og demonstrert tradisjonar; i skule og i forsamlingslokale, åleine og med andre. Kor mange framføringar ho har vore med på, har ho inga aning om.

folkemusikk_logo_sort_smal_250x65

I 1998 KOM PLATA Med rosur raude. Der har Birgit samla ein essens av det ho har halde på med, i breidda av bånsullar og kulokkar og heilt sentrale salmar. Somme av salmane syng ho med tonefølgje av Gunnar Stubseid på hardingfele og Eilert Hægeland på orgel, og eg tenkjer på korleis Birgit tidlegare i samtalen har fortalt om då orgelet kom til Valle. Ho var lita då, fem–seks år, men hugsar at songen vart annleis. Folk som før hadde sunge fritt, var reddare for å synge med. - Dei var vel redde for å skjere ut, ikkje handsame det. Det var skammeleg det, seier Birgit, som sjølv har vore glad når ho har fått synge med andre.

Birgit og orgelet er ikkje stemde etter same malen. Dei opererer med ulike svingingar – bryner seg inn og mot kvarandre. Orgelet har ikkje same høve til finstillingar som Birgit og i saman kling det særeige, eg tør påstå særleg vakkert.

Eg smakar på ordet autentisk. Er dette det ekte? Ei omtale i Fædrelandsvennen seier i alle fall at Birgit syng med ”ekthet og inderlighetens styrke”. Eg tykkjer at han treffer ganske bra.

Kritikaren er ikkje den einaste som har late seg gripe. Kvedaren Kim André Rysstad har sagt at det var då han lytta til Birgit, i arkiva, at han forstod at folkemusikken kunne vere noko for han, og han bestemte seg for å synge. Felespelar Gunnar Stubseid har sagt at Birgit er imponerande mangslungen, og gjer allting like godt.

Birgit er ei kjelde, med påverknad på mange.

- Vert du nokon gong nervøs for kva andre tenkjer om songen din? - Nei, eg vil ikkje seie at eg har gått til med å vere uroleg. Eg totte mest det måtte vere viktig å lære bort noko eg lika så godt, svarer Birgit. Men må leggje til:

- Den aller første tida, då dei kom til Voss frå Musikkhøgskulen og Barratt Due, kordirigentar og slike, var eg nok litt redd. Det var slik at eg visste ikkje heilt om eg skulle tore å vere i lag med dei. ”Å jo”, sa dei til meg på Voss: ”Du kan jo noko som ikkje dei kan.” Akkurat so er det: Eg følte eg kunne noko dei ikkje visste. Det gjorde allting lettare.

Ho tenkjer seg om. - Så eg har slått meg til ro med dette. Eg er den eg er. Det kan ikkje nytte å gjere seg betre enn ein er. Men ein treng ikkje gjere seg kleinare heller!

Birgit Rike Lund. Foto: Ingvil Skeie Ljones
Birgit Rike Lund. Foto: Ingvil Skeie Ljones

ROA HAR HO hatt med seg. Det betyr ikkje at ho ikkje er prøvd i livet.

For tre år sidan miste ho eldstedotter si i sjukdom. Då vart det stille kring Birgit. Ho ville ikkje utøve, ei heller lytte.

- Det vart for nært med alle ting, seier Birgit. - Eg miste henne, og tolte ikkje musikk. Kunne ikkje synge, ingen vene tonar eller vers. Til kyrkja kunne eg heller ikkje. Den flotte orgelmusikken, alt eg totte var det finaste; eg tolte det ikkje, det rørte meg mest for mykje. Slik var det ei stund. Men eg er kommen over det no. Ein lærer seg til å leve med det.

Lærdom og livsvilje, det heng godt saman med ei skildring av Birgit. Birgit er ei som trekkjer i kreative trådar til det veks kring henne, av ting som skal i bruk. Ikkje berre dekkjer ho bordet med tradisjonsmat som lefser og gumme. Medan me sit kring dette bordet, hentar Birgit fram eigenknytte sokkeband til Vest-Agder-bunaden, og heimevovne dukar; fargesterke som rolege, i nyansar av kvitt og grått. - Tenk å få boltre seg i vene fargar og mønster! Det er gjevande, tykkjer eg. Og så er det så moro, seier Birgit.

I mange år var ho leiar for Husfliden i Vanse. No er ho drivkraft for vevstova, der ho nyttar mang ein dag, når ho altså ikkje syng, eller står på farten til Setesdal.

Nokre timars køyretur skremmer ikkje 86-åringen, som stadig har eigen bil. Som for å demonstrere aktivitetsnivået i heimen forsvinn Jon etter ei tid, han skal hjelpe ein ven med å sløye fisk, ein fangst som vart større enn venta.

Birgit kunne meldt om fleire livsbejaande innslag i kvardagen, som lesing og løysing av kryssord. Me trur henne gjerne. Birgit finn openbart glede både i det store og det vesle. Truleg kjenner dei seg heldige, dei som har henne i krinsen. - Det er i grunnen meir enn ein kan be om – at begge er like spreke, seier Birgit. – Eg har ikkje vondt ein plass, og kan gange plent så fort eg vil. Men ein kan ikkje vente at ein skal vere ung allstøtt. Så eg takkar for kvar dagen, seier Birgit, nok ein gong. Og journalisten reiser heim, audmjuk.

Fyrste del av dette intervjuet kan du lese her. Bladet Folkemusikk kan anten tingast i abonnement, eller kjøpast hos Narvesen.