Tekst: Ida Habbestad. Foto: Laila Meyrick/Velour.no
Det finst inga landsdekkjande oversikt over tilbodet på utanlandsk folkemusikk i kulturskulen. Det næraste ein kjem, er ei undersøking frå Rådet for folkemusikk og folkedans i 2008, som tek føre seg norsk folkemusikk og dans. Den gongen fortalte 42,4 % av skulane at dei hadde eit tilbod på musikk og 4,4 % at dei tilbydde folkedans.
Når det gjeld den utanlandske folkemusikken, viser eit tilfeldig søk at talet på tilbod varierer.
I Oslo har kulturskulen ei relativt stor avdeling for utanlandsk folkemusikk. Totalt får 123 elevar undervisning i musikk og dans frå Søraust-Asia. Talet utgjer likevel mindre enn 2 % av elevmassen, medan det i Oslo er 28,4 % innvandrarar.
Er så tilbodet godt nok?
- Det kan forbetrast, meiner Vasuky Jayapalan, seksjonsleiar for – og initiativtakar til – tilbodet ved kulturskulen i Oslo.
- Eg har arbeidd ved kulturskulen i ti år. Tilbodet har ikkje blitt utvida til å gjelda andre land i den perioden. Og det er mange ressursar i lærarkreftene her, dei kunne nok vore nytta betre – i kulturskulen eller i grunnskulen, seier ho.
**
Hennar eiga historie er fascinerande, og inneheld ei imponerande mengd pågangsmot. Jayapalan kom til Noreg frå Sri Lanka i 1991. Mannen hennar kom eit par år før, etter å ha skrive ein regimekritisk rapport for den norske organisasjonen Norad.
Jayapalan tok resten av den vesle familien sin til Noreg – ein liten gut, og eit barn ho bar i magen. Og ho hadde med seg utdanning i musikk frå universitet i Sri Lanka og India. Ho bestemte seg snart for å bli ein kapasitet for det norske samfunnet.
- Eg visste at eg ville bruka ressursane mine – men var òg fast bestemt på å jobba med faget mitt. Eg ville gjerne vera med på å byggja eit miljø; det store spørsmålet var korleis. Strukturane i det norske systemet var ukjende for meg, men eg forsto at nøkkelen var å komma inn på den norske ”mainstreamen”.
Dei neste par åra gjekk derfor med til norsk språkkurs, rekneskapskurs og datakurs. Jayapalan forsto at organisasjonslivet sto sterkt i Noreg, og starta organisasjonen Oslo Fine Arts Academy. Ho melde seg inn i andre organisasjonar, og bygde nettverk. Ho tok etterutdanninga Mosaikk ved Noregs musikkhøgskole, der ho òg tok kurs i administrasjon og leiing – og underviste privat i det tamilske samfunnet.
Heile tida søkte ho seg jobb i norske musikkmiljø. Utan hell.
- Eg vart deprimert, og ein dag besøkte eg Kjell Skyllstad, som har vore ein god støttespelar. Eg spurde: Kva meir kan eg læra for å få jobb i Noreg? Han svarte: Du treng ikkje læra meir. Bruk ressursane dine.
Saman gjekk dei til Norsk kulturråd, med eit undervisningsforslag. Rådet ville støtta prosjektet om Oslo musikk- og kulturskole var samarbeidspartnar. Kulturskulen slo til.
- Eg meiner sjølv at kulturskulen fekk ei gåvepakke: eit heilt miljø bygd på frivillig basis, seier Jayapalan.
Då prosjektperioden var omme, fekk ho tilbod om fast stilling. Det vart i tillegg oppretta prosjektstillingar i dans og rytme. Jayapalan har kunna arbeida som utøvar, og dessutan teke ei praktisk-pedagogisk påbygging, i tillegg til ein mastergrad i den tamilske musikken. Målet er å ta ein doktorgrad. I den vil ho innlemma leiken i undervisninga, noko ho meiner å ha lært frå den vestlege tradisjonen.
**
Korleis går det så med integreringa – og pågangen?
Det er ikkje mange norske barn som søkjer seg til kulturskulen på dette feltet, medgjev Jayapalan. Rekrutteringa av elevar frå andre samfunn er ikkje oppløftande, ja, sjølv frå det tamilske samfunnet peikar tala nedover for tida.
- Dette er eit vanskeleg spørsmål. Men eg trur det handlar om kostnad og tid, forklarer Jayapalan.
- Prisen for undervisninga aukar kvart år. Innvandrarfamiliar er to familiar. Dei passar sin eigen familie, og familien i heimlandet. Når noko vert dyrt, er kulturtilbodet det første dei kuttar. Så er tidspunktet for undervisninga eit aspekt – at ho er lagd til ettermiddagen. Ein signaliserer at dette er det minst viktige faget, og lærarane tek imot slitne elevar.
Eg har forstått på deg at interessa er stor, samstundes som elevtala går ned. Ser du at det kan vera paradoksalt å be om eit utvida tilbod frå kulturskulen?
- Eg forstår innvendinga, men trur dette handlar om ytre tilhøve. Me burde leggja betre til rettes for tilbodet, då ville me ha heilt andre rekrutteringsvilkår. Dette byrjar i skulen. I norsk grunnskule og på vidaregåande er tilbodet i musikkfag for dårleg, særleg innanfor folkemusikk. Dei mange lærarane i prosentstillingar i kulturskulen kunne ha vore ein ressurs. Begge har den same arbeidsgjevaren – utdanningsetaten.
Du meiner utdanningsetaten burde ta klårare ansvar?
- Absolutt. Borna er framtida sine menneske.
Kvifor meiner du ein tek vare på framtidige vaksne om ein lærer dei om den utanlandske folkemusikken?
- Det handlar om integrering. Får ein engasjert lærarressursar frå innvandrarmiljøa, og skapt eit tilbod til unge, får dei eit alternativ til å driva gatelangs. Ein kan gje dei ei kjensle av at landet er noko for dei òg.
- I somme miljø er interessa høg, sjølv om ikkje kulturskulen har tilbod. Eg vil til dømes anslå at kring 5000 unge studerer tamilsk musikk og dans her i landet, med støtte mellom anna gjennom frivillige midlar. Det er det same med språkopplæringa: Når denne i stor grad er teken ut av grunnskulen, vil private skular fylla behovet. Eg er skeptisk til ei slik organisering, som på eit vis er det motsette av integrering. I staden får ein miljø der grupperingar arbeider isolert. Ein går glipp av sjansane til møte som finst i kulturskulesystemet.
**
Jayapalan vonar altså at ein kan få opp eit heilskapleg utdanningstilbod for utanlandsk folkemusikk frå grunnskulen via kulturskulen til konservatorienivå.
- Globaliseringa er eit faktum. Det vert ikkje færre innvandrarar i Noreg. Institusjonane – og arbeidsgjevaren deira – bør opna augo for korleis verda fungerer. Om den norske staten tek oppgåvene, kan me redusera framtidige problem.
Du fann kulturskulen – og ikkje omvendt. Kan årsaka til at det tek tid å etablera tilbod, vera at det er vanskeleg for administrasjonane å finna gode lærarar?
- Det trur eg ikkje. På lengre sikt bør ein sikra profesjonelle lærarkrefter i utdanningssystemet. Men kvart fylke og kvar kommune har ei majoritetsgruppe av innvandrarar. I denne vil ein garantert finna ei eldsjel som sikkert har halde på med undervisning i mange år. Det finst mange ressursar i Noreg som ein ikkje har auga for. Eg meiner regjeringa har ei klår utfordring i å identifisera og bruka desse ressursane.
Artikkelen sto opphaveleg på trykk i Bladet Folkemusikk, nr. 5, som kom ut rett før jol. Folkemusikk.no vil denne veka bringe fleire artiklar rundt dette emnet, og tar gjerne imot innspel frå lesarane.