Organisasjonen har dei siste åra auka ressursane på informasjonsfeltet. No kan du lese nytt om folkemusikk- og dans både i bladet Folkemusikk og på nettportalen www.folkemusikk.no.
- Eit av satsingsområda for FolkOrg er informasjon. Av og til kan det vere trongt om plassen i media. Da må me sjølv ta ansvar for å syne fram kvaliteten og mangfaldet som innanfor tradisjonsmusikken og -dansen i dag. Slik legg me også til rette for auka interesse frå media elles, seier dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes.
Folkemusikk.no
På nettstaden folkemusikk.no får du raske og korte nyhende. Nettstaden blir oppdatert dagleg med nye artiklar, og her finn du òg oversyn over utøvarar og aktørar på folkemusikkfeltet, samt kappleiksresultat, debattar, informasjon om tilskotsordningar og mykje meir.
- Me ønskjer å være ein samlingsstad for informasjon om det som rører seg på folkemusikk- og dansefeltet i dag. Vi ønskjer å omtale mest mogleg, men for å få til dette er vi avhengig av at lokallag, arrangørar og utøvarar sender inn informasjon og stoff til oss. Me oppmodar difor alle om å tipse oss om saker, og sende oss informasjon om sine arrangement eller prosjekt, seier informasjonsrådgjevar i FolkOrg, Eivind Kaasin .
> Har du eit prosjekt eller arrangement du ynskjer omtale av? Send inn tekst og bilete til info@folkemusikk.no.
Bladet Folkemusikk
I motsetnad til nettet, gjev bladet Folkemusikk lesarane lengre og meir djuptgåande og faglege artiklar. Bladet har fem utgjevingar i året, og eit gjennomsnittleg sidetal på 52. Bladet vart lansert med nytt design og konsept i 2010, og er no også for sal i Narvesen-kioskar rundt om i heile landet.
- Bladet Folkemusikk er eit viktig supplement til resten av kulturtidsskrifta og kulturavisene. Målet vårt er å spegle heile det folkemusikalske kartet; alt frå forsking, kjende og ukjede tradisjonar, artistar, aktuelle saker, notisar, meldingar, debattar og kommentarar. Salet gjennom Narvesen tydar også på at bladet Folkemusikk er attraktivt hos lesaraen, seier redaktør Knut Aastad Bråten
> Artiklar og idear til bladet Folkemusikk sender du til redaktøren, Knut Aastad Bråten, knut@folkemusikk.no.
Ikkje alle innsendte artiklar eller omtale av arrangement hamnar i bladet. Artiklar som du sender inn til bladet, kan i dei fleste tilfelle også publiserast på nettet. Er du usikker om artiklane eller det innsendte materialet høyrer heime i bladet eller på nettet? Send ein e-post til info@folkemusikk.no eller til knut@folkemusikk.no så finn vi ut av dette ilag.