Ole Bull Akademiet har no laga fagplanar for opplæring i hardingfelebygging. Hardingfelebygging blir i første omgang lagt inn som valfag i det etablerte 4-årige bachelorstudiet i tradisjonsmusikk. For dei som vel dette, vil reine felemakarfag utgjere halve studieomfanget dei 3 siste åra. Slik vil studentane få ei grundig innføring i det som trengst for å byggje hardingfeler av høg kvalitet. 

- Med dei opptakskrava som gjeld for tradisjonsmusikkstudiet, er ein samtidig sikra at framtidige felebyggjarar har godt musikkøyre – ein avgjerande føresetnad for å lage gode bruksinstrument, fortel dei. 

Ole Bull Akademiet har hatt opplæring av hardingfelebyggjarar på høgt nivå som eit satsingsområde i ei årrekkje. I 2009 fekk Bård Riise Hoel og Ottar Kåsa diplom frå Akademiet etter 3 års opplæring hjå Sigvald Rørlien, som òg blir sentral i det nye opplegget. 

- Det er maktpåliggjande at denne handverkstradisjonen blir ført vidare, og eit samla folkemusikkmiljø står bak Ole Bull Akademiet sitt fleirårige arbeid for å få i gang ei formell utdanning i hardingfelebygging. Dette ser nå ut til å bere frukter, fortel Ole Bull akademiet. 

Med føresetnad om endeleg godkjenning av planane, kan dei første felemakarkandidatane starte på studiet alt hausten 2014. Akademiet håpar å få søkjarar som har vore litt borti felebygging, eller som trur dei har gode anlegg for dette.


Interesserte finn informasjon på Ole Bull Akademiet sine nettsider.