Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Svidal, Gro Marie

Gro Marie Svidal 02_Foto_Sigrid Winther

Musikar, produsent, komponist og dansar fødd 1980, oppvaksen i Jølster.

Med hardingfela under haka og dansesko på føtene er Gro Marie Svidal ein allsidig utøvar og produsent med erfaring frå musikk, dans og teater. Gjennom studie ved Ole Bull Akademiet og Noregs musikkhøgskole har ho fordjupa seg i slåttetradisjonen frå Sunnfjord, Sogn og Voss. I tillegg leitar ho ved hjelp av improvisasjon, etter nye musikalske uttrykk og formidlingsformer og samarbeider med musikarar frå fleire sjangrar. Nokre av læremeistrane hennar har vore Sigmund Eikås, Håkon Høgemo, Leif Rygg og Bjørn Kjellemyr.

Gro Marie Svidal debuterte med albumet ”Hardingfele” i 2009. Plata fekk gode omtaler og blei nominert til Folkelarmprisen for beste soloalbum. Svidal er elitespelemann på hardingfele og har halde konsertar og kurs i mellom anna Noreg, Sverige, Finland, Storbritannia, Polen, Latvia, Kina, Filippinane, Egypt, Zimbabwe og Sudan.

I 2010 tok Svidal mastereksamen i musikkformidling ved Norges musikkhøgskole. I oppgåva studerer ho den munnlege kommentaren si rolle i hardingfelekonserten.

Som skodespelar har Svidal erfaring frå fleire teaterproduksjonar, mellom anna ”Mathias Orheim” og ”Hundre år og like stri” ved Sogn og Fjordane Teater. Sidan 2006 har ho turnert med oppsetjinga Den vesle Prinsen som er produsert av Førdefestivalen, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og SOFteater. Frå 2010 turnerer ho med familieteateret ”I berget det blå” der ho også har komponert all musikken. Stykket er produsert av Gloppen Musikkfest og Førdefestivalen.

Diskografi

 

2009: Folkelarm (promo), Diverse artister, NORCD

2009: Hardingfele (Etnisk Musikklubb)
2003: Sommarkveld (Etnisk Musikklubb) med Indre Sunnfjord Spelemannslag
 

Prisar

 

2009: Nominert til Folkelarmprisen for beste soloalbum
2003: Ungdomens Musikkstipend for Sogn og Fjordane  
1998: Gunnar Smaadals Musikkpris
1997: Gullharpa (vinnar av yngste klasse på Landskappleik)
 

Kappleiksresultat

 

2009: Vinnar av Vestlandskappleiken, solo hardingfele senior
2009: 2.plass NM i Folkemusikk, solo hardingfele senior.
1998: Vinnar av Landskappleiken, solo hardingfele junior
1998: Vinnar av Landskappleiken, dans hardingfele junior
1997: Vinnar av Landskappleiken, solo hardingfele junior 
 

Presse/Kringkasting

Nrk TV og Radio
Aftenposten
Nationen
Songlines
Lira
Firda


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk