Adr.: |
Amtmann Meinichs gt. 6 N-0482 Oslo |
Tlf1: | (+47) 22 15 39 11 |
Tlf2: | (+47) 93 45 66 32 |
E-post: | Send e-post |
Web: | Nettside |
Storbekken, Eli
Eli Storbekken er fødd i Østerdalen. Der fekk ho si fyrste interesse for folkemusikk gjennom faren Egil Storbekken, og dei turnerte mykje saman i byrjinga av 80-talet. Som utøvar har Eli samarbeida med musikarar innan ulike genrar. Ho har medverka på festivalar i dei nordiske landa og representert Noreg i Russland, Ukraina, USA, Quatar og Austen. I '98 var ho solist under urframføringa Sten i Glass i Hamar ved Domkyrkjeodden.
Medlem i den nordisk gruppa Kvedar. Underviser i kveding ved Ole Bull Akademiet, UiO, og høgskulene i Oslo og Hamar. Held solokonsertar og kurs i regi av viseklubbar, festivalar o.a.- både for born og vaksne. Har vært musikalsk ansvarleg for Maridalsspillet - http://www.maridalsspillet.no - sidan 2003. 9 august 2006 premiere på Svartedauen. Primus motor for gruppa Latino folk joik ensemble. 5 års jubileum for deltaking i Huldrenatt, ein naturmytisk musikkhappening.
Diskografi
Maros, (2009, Grappa)
Glimt (solo)
Trolldans
Det syng
Lengt
Nattergalen (CD/bok)
Prisar
Folkelarmprisen - årets soloplate (2009)
Konsertreferansar
- Rikskonsertene
- Telemarkkonsertar
- Nationaltheatret
- Teatret på Torshov
- Landskappleiken
- Førdefestivalen
- Osafestivalen