Slåttify er ei nettside som inneheld ulike spelelister med i all hovudsak norsk folkemusikk. På denne sida finn du spelelister frå ulike distrikt, topplister frå utøvarar, festivallister, lister frå ulike år og mykje meir. Spelelistene er sett opp i strømmetenestene Wimp og Spotify, og du må ha tilgang til desse tenestene for å høyre musikken.

- Vi tok kontakt med folkemusikkarkiva, festivalane og fleire, og lurte på om dei ville vere med. Responsen var veldig god, og fleire arkiv og festivalar har kasta seg rundt og sett opp lister. Det er utruleg moro, fortel Eivind Kaasin som saman med Myhra Bergwitz og Liv Ulvik har utarbeidd prosjektet.  

Emblem_1_liten

Med «Slåttify» vil dei samle ulike spelelister på ein stad. 

- Det er ikkje alltid like lett å halde oversikt og orientere seg. Vi håpar at Slåttify vil vere ei nettside der folk enkelt kan oppdage både ny og tidlegare innspelt musikk, fortel Anbjørg Myhra Bergwitz.

- Målet er at folk finn nokre nye eller gamle favorittar på sida, og at det gjer det enklare for dei som er litt nysgjerrig på musikken å finne fram. Dersom denne sida kan få fleire til å sjekke ut folkemusikk, dra på konsert, festival og kappleik er det storvegs, meiner Myhra Bergwitz. 

I følge dei to er ikkje sida komplett, noko den aldri kjem til å bli. 

- Slåttify skal vera ei levande side, der det vil kome nye spelelister jamnleg. Vi kjem til å halde fram med å invitere både musikarar, festivalar og plateselskap og mange fleir, og vi gler oss til å presentere fleire lister framover, fortel Kaasin. 

Han oppmodar alle som har idear til spelelister om å ta kontakt. 

- Dersom folk har idear til spelelister, så er det berre å ta kontakt. Det kan vera særskelide tema som ein vil ha lister på, eller utøvarar ein vil at skal sette opp lister. Vi tek i mot alle forslag, avsluttar han

Slåttify er eit samarbeidsprosjekt mellom den nye nettavisa Folkemusikk.no, som vert lansert i juni, og FolkOrg. Fleire folkemusikkarkiv, festivalar, arrangørar utøvarar deltek med sine spelelister. Takk til alle som har sett opp spelelister!

> Klikk deg inn på Slåttify