I jubileumsåret ønskjer festivalen å heidre den norske songtradisjonen ved å la fire av våre framste kvedarar få presentere nye melodiar og tekstar. Desse fire er Ingvill Marit Buen Garnås, Unni Boksasp, Camilla Granlien og Anne Nymo Trulsen. Dette er ei spennande utfordring til vokalutøvarane i folkemusikken som i all hovudsak baserer seg på personlege tolkingar av allereie nedskrive materiale. Kvedarane nyttar si kreative kraft når dei arbeider med dette materialet, og slik blir kvar tolking av det opphavlege materialet unik.
- Med dette tingingsverket ønskjer Telemarkfestivalen å gå enno lenger – lage heilt nye låtar, som sjølvsagt skal ha si rot i folkemusikkens rytme, ornamentikk og «groove», fortel festivalsjef Kristoffer Mosfjeld.
Ingvill Marit Buen Garnås, Unni Boksasp og Camilla Granlien har gått til topps i Landskappleiken fleire gonger kvar, medan Anne Nymo Trulsen er ein spennande nykomar og mest kjend som vokalist i Hekla Stålstrenga. Dei fire kjem frå ulike område og songtradisjonar.
- Dette er eit tingingsverk som dei spurde kvedarane gjerne ville vere med på – enkelte hevda til og med at dei har venta på ei slik utfordring.
Den erfarne og allsidige folkemusikaren Anders Røine skal arrangere og vera leiar for ensemblet som skal akkompagnere dei fire kvedarane. Dei andre musikarane er Hans Hulbækmo og Jo Fougner Skaansar.
- Tingingsverket kan nå ei stor målgruppe, i tillegg til å bidra til å aktualisere folkemusikken på ein ny og spennande måte - ettersom kvedarane i dag stort sett bearbeider tradisjonelt materiale. Mange spelemenn lager nye slåttar, men få kvedarar lagar nytt materiale, seier festivalsjefen.
Telemarkfestivalen ser det som sitt viktigaste mål å fremje interessa for den levande folkemusikken. Festivalen har markert seg som ein arena for nyskaping og fornying av folkemusikken – både gjennom årlege tingingsverk og ved å gje nye folkemusikkgrupper og utøvarar ein plass i festivalprogrammet. Telemarkfestivalen har lange tradisjonar med å presentere tingingsverk. Årets verk er det 15. i rekka og det blir dermed eit lite jubileum og jubileet.
Tingingsverket skal framførast fredag 8. august kl. 19.00 i Storsalen i Gullbring kulturanlegg, Bø i Telemark.