Magnar Sundt døydde onsdag 27.januar 2010, knapt femtifem år gammal. Magnar var Landslaget for Spelemenn sin administrasjon personleg frå 1984 og fram til samanslutninga med Norsk Folkemusikk- og Danselag i 2009, med unntak av 4 år i Krødsherad kommune. Han bygde opp administrasjonen frå 1 stilling til dei 9 som vi no har i ein samla FolkOrg.

Magnar sat på ein stor kunnskap og var rik på erfaringar gjennom eit liv i folkemusikkmiljøet. Han jobba saman med andre musikk- og kulturorganisasjonar og deltok i nordisk samarbeid. Organisasjonen utvikla seg til ein viktig kulturpolitisk aktør i Magnar Sundt si tid. 

I minneordet frå Randi Skeie og Nils Øyvind Bergset stod det følgjande:

"Han var mannen som aldri framheva seg sjølv, men som alltid var der for oss – med kunnskapen, kompetansen og tryggleiken sin. Dansar var han, med pols i Brekkentradisjon - og felespelar, i Østerdølenes spelemannslag. Men først og fremst var han for oss mannen med sikker kunnskap om tradisjonen, organisasjonen; folkemusikksoga og heile folkemusikk-Noreg."

"Han la ned ein enorm innsats i jobben sin. Han var ein markert leiar, sjølv om han ikkje var den som likte å stikke seg fram. Magnar Sundt var ærleg mot seg sjølv og andre. Han hadde sin sikre, stillfarne stil. Han var ein sann ven. Han kom alltid med gode og gjennomtenkte råd."

Under årsmøtet i Folkorg i november i fjor vart Magnar Sundt minna med eitt minutt stille.