Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Løvlid, Unni

unni

Songar født 1976, i Hornindal i Sogn og Fjordane, no busett i Oslo

Unni Løvlid er ein av dei mest markante unge musikarane vi har i dag. Ho er nyskapande, og lar seg ikkje binde av normer og reglar. Viktige læremeistrar og inspirasjonskjelder har vore mora, Oline Løvlid, Marta Seljeset Frøland og andre kjelder i Hornindal. Ho har skrive avhandlinga Ein song etter … på grunnlag av det ho har lært av kjeldene sine i heimbygda. Løvlid har musikkpedagogisk utdanning, og utøvande hovudfag frå Norges Musikkhøgskole. Ho har undervist ved Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskole.

Medlem av gruppene Fjøgl (2001) og Rusk (1999). Løvlid er kvalifisert for eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken, og gav i 1999 ut si fyste soloplate, So ro liten tull. På denne syng ho rim og reglar som er knytt til born. Den andre soloplata, Vita, er ein spesiell produksjon, der opptak er gjort i Emanuel Vigeland mausoleet i Oslo. Ho jobbar som frilans musikar, og har halde konsertar i heile verda. Musikalsk er ho svært allsidig, og samarbeidar med musikarar på tvers av sjangrar og kulturar. I 2006 framførte ho Schönbergs Pierrot Lunaire som eiget konsertprosjekt i Oslo, ho komponerte også til tingingsverk-konserten under Årinnfestivalen i Kristiansand same år. I 2007 opna ho Griegåret, og dette året skal ho og lansere sitt nye soloprosjekt, der ho samarbeidar med Hild Sofie Tafjord, Håkon Kornstad, Lena Grenager og Frode Haltli. 

Diskografi

So ro liten tull (Løvlyd, 1999)
Rusk (Heilo, 2002)
Vita (Heilo, 2005)
Bridges – live in China (Heilo, 2005)
Rusk II (Heilo, 2006)
Draumkvedet, Arne Nordheim (Simax Classics, 2006)
Fortal (Heilo, 2006)
Rite (Grappa, 2008)
 
Unni Løvlid medverkar også på
Ferdafolk, med Ingunn Linge Valdal og Knut Ivar Bøe (Heilo, 1997)
Frie former, med Honndalstausene (Heilo, 2000)
Norsk folkemusikk og folkedans, div artistar (Heilo, 2001)
Listen – the art of Arne Nordheim, div artistar (Aurora, 2002)
Gjenklang, div artistar (Heilo, 2006)
 
Bøker
So ro liten tull (Lyche musikkforlag, 2003)
 
Priser
Kåra til årets folkemusikkartist under Folkelarm 2006
 
Presse/Kringkasting
Ukas P2-artist
Folkemusikktimen på NRK P2
Transit på NRK P2
 

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk