Kong Nor har fått namn etter ei gamal myte. Myten fortel om korleis ungguten Nor samla Noreg til eit rike, og slik blei Noreg sin første Konge.
– Vi syntest det var spanande å gripe fatt i denne myten fordi den fortel ei ukjent historie om landet vårt. Den er ein annleis innfallsvinkel til Grunnlovsjubileet, og den skil seg ut blant dei mange andre markeringane i det offisielle jubileumsprogrammet, fortel prosjektleiar Gro Marie Svidal
Med historia om Kong Nor har prosjektet laga ei moderne oppsetjing fult og heilt på folkemusikken og folkedansen sine eigne premiss.
– Vi har ein intensjon om å syne den skattekista som historie-, musikk og dansetradisjonane våre er. For oss er det naturleg å feire grunnlova og kulturarven vår samstundes, seier Svidal.
Premieren er lagt til Riksscenen i Oslo laurdag 10. mai. På scenen står eit utval av dei beste utøvarane vi har i Noreg i dag på både spel, song og dans. Regissør Leif Stinnerbom er henta inn frå Sverige, manusforfattar er Eldgrim Springgard og koreograf er Sigurd Johan Heide. Medverkande på scenen er: Daniel Sandén-Warg, Anders Røine, Unni Boksasp, Jon Anders Halvorsen, Silje Onstad Hålien, Torkjell Lunde Børsheim, Hæge Manheim og Øyvind Sandum.
Det heile starta for over to år sidan. Tidlegare direktør ved Rff-sentret, Egil Bakka, tok initiativ til ei oppsetjing med folkemusikk og folkedans til Grunnlovsjubileet. Førdefestivalen, Riksscenen og Norsk institutt for bunad og folkedrakt blei med på laget. Og snart rulla snøballen vidare.
- Alle folkemusikkfestivalane kring om i Noreg blei bedne med i selskapet, og alle var positive til prosjektet, fortel prosjektleiar Gro Marie Svidal. Det har resultert i at Kong Nor får totalt 11 visningar.
- Det er sjeldan at ein nyproduksjonar i vår sjanger har så stort gjenbruk. Det er vi stolte av, avsluttar Svidal.
Framsyninga har følgjande speleplan:
10. mai: Riksscenen i Oslo kl 20.00
11. mai: Traktorstallen ved Eidsvoll verk kl TBA
31. mai: Ål kulturhus kl 19.00
24. juni: "Verdensrommet", Festspillene i Nord-Norge, Harstad kl 21.00
05. juli: Førdehuset kl 16.30
25. juli: Fagernes Kulturhus kl 19.00
29. august: Eilert Sundt huset kl 19.00
31. august: Istindportalen, Bardufoss kl 13.00
04. oktober: Gullbring kulturhus kl 19.00
25. oktober: Voss gamle kino kl 19.00
08. november: Dampsaga, Steinkjer kl TBA