Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kinsarvik, Kristi

Kristi_Kinsarvik

Kristi syng viser frå Gudbrandsdalen, der ho har lært av store songarar som Live Hove og Erling Kjøk.
Frå Hardanger har ho m.a. viser etter Oddmund Urheim som også bestefaren, den kjende treskjeraren Lars Kinsarvik, lærte slåttar av. Dessutan syng ho viser frå Nord-Noreg etter Edvard Ruud, og Prøysen på gamle melodiar.
Kristi har hatt fleire oppdrag frå UD og Eksportrådet - både i Europa, USA og Canada, for IOC og LOOC, for fleire departement og ei rekkje norske firmaer. UD ga henne denne meldinga: "Departementet vil takke for storartet innsats som i stor grad bidro til at Vinlandsprosjektets markering i Canada ble så vellykket." Ho lagar innslag til opningar, middagar og møter, og dessutan heile framføringar.
Kristi blandar gjerne nyare og riktig gamalt stoff. Ho snakkar engelsk og tysk. Og så kan ho fortelje eventyr. Kristi kan opptre aleine, gjerne utan mikrofon, eller saman med andre musikarar.
Konsertopptak med gruppa Raft som består av Helene Høye, Øystein Johnsen, Svein Erik Martinsen og Kristi, kan du høyre på lydsporet.

CD-utgjevingar:
Convivium (Polydor), Akantus med Mari Eggen (Grappa).

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk