På Nordsjøfestivalen i Farsund laurdag kveld kunne endeleg INTRO-folk sin juryleiar, og direktør i Rikskonsertane, Åse Kleveland, utrope kvedaren Kim André Rysstad (28) til Årets unge folkemusikar 2009.
- Kim André Rysstad er tro mot tradisjonen samtidig som vi opplever en tydelig ambisjon om å utvikle og utvide denne. Vi er overbevist om at denne unge kvederen bærer i seg muligheten til å utvikle et særegent uttrykk preget av sin personlige fortellerevne, tilstedeværelse og musikalitet. Han har et uttrykk som både vil berøre og begeistre mange i årene som kommer, uttalte juryen som denne kvelden var Steinar Ofsdal, Unni Løvlid, Gunhild Tømmerås og juryleiar Åse Kleveland.
Som vinnar av INTRO-folk 2009 får Kim André Rysstad eit skreddarsydd lanseringsprogram i regi av Rikskonsertane. Programmet vil mellom anna innehalde konsertar på lanseringsfestivalane i INTRO-folk, turné i Norge, samt ulike profilerings og promoteringstiltak.
I år er det tredje gong Rikskonsertane, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Landslaget for Spelemenn og ei rekke folkemusikkfestivalar arrangerar INTRO-folk. Føremålet med INTRO-folk er å styrke norsk og samisk folkemusikk. Med Årets unge folkemusikar ønskjer ein å skape ein arena der folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få erfaring i formidling av folkemusikk på høgt nivå.
Tidlegare vinnarar av INTRO-folk er:
2005: Majorstuen
2007: Benedicte Maurseth