Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Håkanes, Halvor

Halvor Håkanes

Kvedar frå Telemark

Halvor Håkanes starta med tradisjonell folkesong i Setesdal der han gjekk i sølvsmedlære. Syng i dag i Telemarktradisjon. Halvor har vore tilknytta Ole Bull-akademiet, og Høgskolen i Telemark som lærar, og underviser ofte på seminar og festivalar. Han har vunne Landskappleiken to gonger, og medverka på festivalar i heile Europa og USA. Han har turnert for Rikskonsertene, Turneorganisasjonen i Hedmark, Folkeakademiene og Telemarkskonsertar.

Halvor har vore med på mange kyrkjekonsertar bl.a. med organistane Kåre Nordstoga og Andreas Liebig. Elles kan nemnast prosjekta: "Det syng!", og "Kvedar" med bl.a. Agnes Buen Garnås, "Energivar" med Fliflet og Hamre, "La Luna Asoma" med nyskriven musikk av Geir Løvold. Halvor har og vore solist med diverse kor, og medverka i "Marispelet" ved Rjukanfossen i 05, 06 og 07.

Vinner av Landskappleiken 1980 og 81. Mottatt reisestipend fra Statens Kunstnerråd og Fond for utøvende kunstnere. Støtte fra diverse bl.a. Nordisk Kulturfond, Norsk Kulturråd, FFUK og Svensk-Norsk samarbetsfond

 

Diskografi

1992 Eg heiter Halvor
1995 Draumkvedet
1997 Det syng

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk