Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ferdafolk

ferdafolk

Ferdafolk er Ingunn Linge Valdal frå Valldal på fele, hardingfele og vokal, og Knut Ivar Bøe frå Vaksvik på trekkspel.
Dei starta 1996, og med historier og fantasi har dei funne sin heilt særeigne måte å framføre lokal tradisjonsmusikk frå indre Sunnmøre på. Med humor, fanteri og kreativitet bles dei livgjevande kraft i gamle og gløymde sunnmørstonar frå storfjord-området, gjerne kobla saman med folkemusikk frå bl.a. Sverige og Shetland - med glimt i auget!
Som namnet tilseier, er dei stadig på farten og av konsertreferansar kan nemnast: store festivalar i inn- og utland, t.d. Kaustinen Folk Festival i Finland, Kalottspel i Målselv, Rudi Kultur på Vinstra, Halkærfestivalen i Danmark, Norrsken og Storsjøyran i Sverige, Euromusica-festival i Hellas, EBU-festival i Ungarn, rikskonsertturnèar, samarbeid med kor/korps/brass, samt som underhaldning til næringsliv og konferansar.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk