Adr.: |
Berge N-3658 Miland |
Tlf1: | (+47) 35 09 55 95 |
E-post: | Send e-post |
Web: | Nettside |
Boksasp, Unni
Unni Boksasp er ein allsidig musikar med songen som instrument. Kjernerepertoaret er henta frå songtradisjonen på Nordmøre med Magnhild Almhjell (1894-1985) som den viktigaste kjelda. I tillegg har ho tileigna seg songtradisjonane i Tinn og Telemark, med Hanne Kjersti Yndestad som læremeister. Ho har sidan 1995 vore å finne i A-klassa i kveding. Utdanninga si har ho frå Folkemusikkstudiet ved Høgskolen i Telemark avdeling Rauland, Folkedansstudiet i Trondheim og Folkemusikkstudiet ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Ho jobbar i dag som fulltids musikar i tillegg til at ho er lærar ved Høgskolen i Telemark avdeling Rauland. Ho har også ein del prosjektjobbar i ulike skular med songopplæring for ungar og ungdommar Boksasp arbeidar både som solist og i ulike grupper, til dømes nordmørsgruppa Brann i blått og barnekonsertgruppa Æppel pæppel som har spela rundt 250 konsertar for Rikskonsertane i Møre og Romsdal.
Hausten 2007 spela ho inn si første soloplate, Songar frå Havdal, med tolkingar av folkemusikk frå Nordvestlandet. Medmusikarane på plata er Jorun Marie Kvernberg, Magne Vestrum, Ånon Egeland og Henning Sommerro. Unni Boksasp har vore engasjert ved norske og internasjonale festivalar og heldt ei rad konsertar omkring i Noreg. I dei siste åra har ho arbeidd med arrangering av folkemusikk for ulike ensemble og komponering med utgangspunkt i tradisjon. I tillegg har ho arbeidd ein del med nykomponerte verk av Henning Sommerro, Henrik Ødegård m.fl.
Diskografi
2002 Enno så segla ho Magnill (Nordmøre mållag)
Medverkande på andres plater
Prisar/stipend
Toårig arbeidsstipend for nyetablerte kunstnarar frå Statens Kunstnarstipend (2004)