Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bjørgum, Hallvard T.

Hallvard_T_Bjoergum

Folkemusikar og sølvsmed, født i 1956 i Valle i Setesdal

Hallvard T. Bjørgum er ein av landets fremste tradisjonsberarar innanfor hardingfelemusikken. Setesdalsspelet hans er karakterisert som rytmisk drivande og både mjukt og vilt. Han fører vidare arven etter faren, Torleiv H. Bjørgum (1921-1990), som lærde mange slåttar etter den legendariske spelemannen Knut Jonsson Heddi gjennon Andres K. Rysstad. Han har og tileigna seg slåtter frå andre område enn Setesdalen, til dømes etter Kjetil Løndal frå Tuddal og Jørgen Tjønnstaul frå Telemark. Han er ein omtykt forteljar med eit stort repertoar av anekdotar og stoff rundt musikken han framfører. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger. I 1988 vann han også Kongepokal. Han er statsstipendiat frå 1991.

Hallvard T. Bjørgum har utgjeve og medverka på eit tjugetalls plater, og fleire av desse har fått Spelemannsprisen. Den første var Slinkombas frå 1979 med gruppa Slinkombas (1976-82) der Bjørgum spelar saman med Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid og Tellef Kvifte, seinare Hildur Øygarden. Kirsten Bråten Berg har vore ein viktig samarbeidspartnar gjennom mange år. Samarbeidet har resultert i mange innspelingar, og 25-årsjubileum vart feira i 1999 med CD-en Runarstreng. Opp igjennom åra har Bjørgum samarbeidd med musikarar frå ei rekkje genrar - og frå fleire land. Eit døme er den amerikanske “sing-and-song-writer” Eric Anderson, som Bjørgum har samarbeidd med sedan 1991. CD-en Free field (”fellesbeite”) frå 2003 kan sjåast som ei førebels oppsummering av denne verksemda. Her spelar Bjørgum saman med til dømes Garth Hudson og Blondie Chaplin frå The Band.

I 1990 tok han over drifta av kultursenteret Sylvartun, som foreldra grunnla i 1961. Herifrå driv han plateselskapet Sylvartun Folkemusikk og er engasjert i konsertseriar og ulike arrangement som presenterer folkekulturen i Setesdal og Telemark. Han har ei av Noregs største samlingar av hardingfeler. Bjørgum har interessert seg for likskapen mellom den eldste slåttemusikken i Setesdal, dei såkalla gorrlause rammeslåttane, og folkemusikken i Kaukasus. Han spelar saman med Elshan Mansurov, ein av Aserbajdsjans fremste Kamanche-spelarar. Hausten 2007 har han teke opp att samarbeidet med felespelaren Gunnar Stubseid.


Diskografi

2003 Free Field (Sylvartun Folkemusikk)
1999 Runarstreng, med Kirsten Bråten Berg (Heilo, Grappa)
1998 Toneflaum, med Bjarne Herefoss og Knut Hamre (Sylvartun)
1991 Juletid, med Kirsten Bråten Berg og Eilert Hægeland (Norsk plateproduksjon)
Dolkaren (Sylvartun Folkemusikk)
Skjoldmøyslaget (Sylvartun Folkemusikk)
Klunkaren (Sylvartun Folkemusikk)
1982 Slinkombas og bas igjen, med med gruppa Slinkombas (Heilo)
1979 Slinkombas, med gruppa Slinkombas (Heilo)  

Medverkande på andre plater

Min Kvedarlund (med Kirsten Bråten Berg, Heilo, 1988)
D
anko Fjeld Andersen (Stageway/Mercury, 1991)
Ridin' on the Blinds. (Grappa/Rycodisc, 1994)
T
he Sweet Sunny North vol 1 & 2 (Shanachie,USA, 1994)

Andre utgjevingar/bøker/aktivitetar

Medverka i filmen Kvitebjørn kong Valemon (1991)  

Produksjonar/produsent

Barn av den bortglemte rase, Elias Akselsen og Hulda Johansen (Sylvartun Folkemusikk, 2000)
Bjørgumspel (Sylvartun Folkemusikk, 2002)
S
etesdal i norsk forteljetradisjon (med professor Olav Bø, Sylvartun Folkemusikk)

Prisar

Ivar Aasen-prisen (19---+100)
Aust-Agder fylkes kulturpris (1998)
Heidersmedlem i Norsk Folkemusikk- og Danselag (1998)
S
pelemannprisen for albumet Slinkombas (med Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid og Tellef Kvifte, 1980)
Spelemannprisen for albumet Skjoldmøyslaget (med Torleiv H. Bjørgum, 1990)
S
pelemannprisen for albumet Toneflaum (med Bjarne Herrefoss og Knut Hamre, 1998)
Gammleng-prisen i åpen klasse (2002)

Presse / kringkasting

Diverse presentasjonar i presse og i NRK.
Eit par døme: ”Ukens artist” på NRK P1 i 1988
Folkemusikktimen på NRK P2 i april 2006

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk