Strunkeveko vart etablert i 1998 og er eit vekeskurs i folkemusikk og folkedans for barn og ungdom mellom 11 og 20 år, og kan kallast starten på eit folkemusikkliv. 

Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans i landet, og rundt 100 deltakarar er med på kursstaden Merket i Tisleidalen. 

På Strunkeveko får du kyndig kursing av dei beste lærarane, fleire konsertar og ikkje minst vener i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø som varar livet ut.

Strunkeveko tilbyr kurs i alt frå torader og hardingfele til hallingdans og pardans. Skal du delta på Jørn Hilme-stemnet? Då er Strunkeveko ei kjempefin oppkøyring og øvingsarena!

Bli med på årets beste barne- og ungdomskurs!

 

Sjå her for meir informasjon på nettsida.

 

Arrangør: Valdres Folkemusikkarrangement AS