Spelemannen Steinar Rygg og gruppa Ludo kjem òg til Fjellvarden på Fjelli i Stryn laurdag 31. januar kl. 20, dagen etter dei har spelt i Førdehuset!

I fyrste delen av konserten vil Steinar spele solo og minnast far sin, hardingfelespelaren Leiv Rygg, med forteljing og servering av favorittslåttane hans. Leiv gjekk fleire gonger heilt til topps på Landskappleiken og var velkomen gjest i spelemannsmiljøet i Nordfjord.

Sonen Steinar fører tradisjonen vidare og har no i lang tid lege heilt i toppskiktet når han ein sjeldan gong stiller opp på kappleik. Skulle det finnast nokon som trur dei ikkje likar hardingfele, må de kome for omvending. I gruppa spelar han og vanleg fele.

I gruppa Ludo består i tillegg til Steinar Rygg på hardingfele/fele av Frode Hammersland (bass) og Åsmund Espeland (gitar).
Sidan konserten er på ein laurdagskveld, tek vi ei god danseøkt etter konserten, til musikk av Fjordane og Møre munnspellag, Ludo og Fjelljom.

Som vanleg vert det kafe.

Billett kr 250,-
Under 20 år :gratis.
Vel møtt!
 

Les meir her 

Dagen før spelar han i Førdehuset, les meir om dette her: https://www.fordefestival.no/heile/steinar-rygg-ludo-og-indre-sunnfjord-spelemannslag