Laurdag 6. september 2025 blir det danseseminar med fokus på springleiken i Ottadalen!

Dette blir ein dag for alle som er interessert i springleik og som ynskjer å lære meir, diskutere, utveksle erfaringar, sjå på arkivklipp og danse mykje. Det blir ein skikkelig nerdedag for alle ivrige springleikdansarar!

Vi vil mellom anna ta for oss spørsmål som:
Kva kjenneteikner springleikdansen i Ottadalen anno 2025?
Korleis var dansen før i tida og korleis har utviklinga på dansegolvet vore fram til i dag?
Kva er likt og kva skil dansen i dei ulike bygdene, før og no?

Målgruppe: Du som kan litt om springleik og som ynskjer å lære endå meir.
Dersom du ikkje kan så mykje om springleik anbefalar vi deg å delta på ei øving eller ein dansekveld i Skjåk, Lom eller Vågå i forkant av seminaret. Seminaret er ikkje eit grunnkurs, så det er lurt å ha litt kjennskap til dansen eller musikken frå før.

Etter seminaret på dagtid inviterer vi til ein sosial kveld med dans og spel der alle er velkomne uavhengig av deltaking på seminaret.

Lokale er ikkje spikra endå, men arrangementet vil finne stad i Vågå eller Lom.

Meir informasjon om lokale, påmelding, timeplan og involverte kjem utover våren.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Lom spel- og dansarlag, Vågå spel- og dansarlag og Skjåk spel- og dansarlag.
Støtta av: Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes

Arrangør: Lom spel- og dansarlag, Vågå spel- og dansarlag og Skjåk spel- og dansarlag.