Folkemusikk-klubb med heitt hallingspel!
 
I vårmørke innhuk ved kulturhuset sprakar eit forlokkande neonlys; SideSprang.
Klirring i glas, taktfast tramping og heite dansegolv lokkar tørste og festklare hallingar ned i kjellaren til reinspikka
folkemusikk-klubb!

Denne laurdagen byr me på Gol sitt svar på Haugen brothers - Brørne Åsmund Fauske Jøtun & Vebjørn Jøtun Fauske har gjennom heile oppveksten vore ein del av talentmaskineriet på Hugnadheim. No bur dei begge i Oslo og er aktive i Hallinglaget der dei speler til dans jamleg, Vebjørn på toradar, Åsmund på hardingfele. I tillegg til å vera musikarar på toppnivå er dei båe svært habile dansarar, og me kan love gnistrande dansespel - både hallingspringar og gamaldans!

Frå kl 20:00 blir det lynkurs i springar og gamaldans, inkludert gommokaku!

Dørene opnar kl. 19.30
Lynkurs kl. 20.00
Konsertstart kl. 21.00

Foto: Knut Utler