Seminarhelg i Oslo 7. og 8. mars!
- Har du lyst til å lære meir om dømming av spel, vokal og dans?
- Skal du vere med å arrangere lokalkappleik, Landskappleik eller Landsfestival i gammdaldansmusikk?
- Er du ungdom og vil lære meir om organisasjonsarbeid og korleis det er å vere tillitsvald i ein frivljug organisasjon?
I såfall er du velkommen til vår seminarhelg 7. og 8. mars!
Dommarseminar med overordna tema: repertoar
Seminara er for deltakarar frå heile landet som ynskjer fagleg påfyll og som vil lære om dommargjerninga. Ein treng ikkje å ha erfaring frå dømming for å delta, men det er ønskjeleg at ein har kunnskap/erfaring innan spel, vokal eller dans for å få godt utbytte av seminara.
Laurdag formiddag vert det to fellestema for alle. Overordna tema for dommarseminara er repertoar, og vi startar med ei panelsamtale og følgande spørsmål: Er tevlingssituasjonen på kappleik og festival ein for konservativ arena?
Vi fortsetter med temaet LYDSETTING. Korleis sette god lyd på tradisjonelle akustiske folkemusikkinstrument? Korleis sette lyd på lagspel? Tor Magne Hallibakken gjev oss ei innleiing og presentasjon, og svarer på spørsmål.
Sundagen vert det felles seminar for spel og vokal og debatt om dømming av blanda klasser, noko som er interessant både for landskappleik og landsfestival og ikkje minst for lokalkappleikar.
Sjølv om delar av dommarseminaret er felles for spel, vokal og dans vert og delar av seminarhelga delt inn i dei tre ulike felta. Det vil bli tid til prøvedømming, diskusjon og refleksjon etter dømming som er særskilt for spel, vokal og dans. Det vert og gjennomgang av dommarskjema, retningsliner, dommarrolla med meir. Ein må difor velje mellom spel, vokal og dans i påmeldingsskjemaet.
Arrangørfokus for FolkOrg arrangement: Lokalkappleik, Landskappleik eller Landsfestival i gammaldansmusikk
På denne seminar-rekkja vil vi kun ha fokus på arrangement i regi av FolkOrg, anten det er lokalkappleikar, Landskappleiken eller Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Vi vil syne og forklare bruk av tevlingsadmin, ha fokus på stønads- og sponsorarbeid, ha workshop kring informasjonsarbeid, diskutere program for born og ungdom på våre arrangement, og i tillegg ønskjer vi ha ha tid til diskusjon og erfaringsutveksling. I tillegg vert nokre av seminartemaene er felles med dei som deltek på dommarseminara. NB! Dette er spesielt for arrangørar av arrangement i regi av FolkOrg
Organisasjonsarbeid for ungdom
Er du mellom 15 og 25 år og har eit tillitsverv i eit lokallag eller områdelag – eller kanskje du er nysgjerrig på organisasjonsarbeid og vil lære meir? Då er dette ei gylden moglegheit til å få ny kunnskap, møte andre engasjerte ungdommar og bli inspirert til vidare engasjement.
Les meir om kurs for ungdom her
Rikt program på Riksscena
Både fredag 6. mars og laurdag 7. mars er det flotte arrangement på Riksscenen som ein kan få med seg. Fredag er det ISTEM – tingingsverk til Telemarkfestivalen. Laurdagskvelden startar med plåtelsepp med Håvard Svensrud og fortsett med stor dansefest med 3B, Over Stok og Steen og Buss for Tog. Sjekk ut programmet til Riksscena og kjøp deg gjerne billett i god tid!
Same helg arrangerer Noregs Ungdomslag seminar/kurs i Oslo så det ventast mange folkemusikk- og folkedansinteresserte til byen denne helga.
Påmelding innan 23. februar!
Rabatt for FolkOrg medlemmer: Alle som vil kan vere medlem i FolkOrg, du kan melde deg inn her
Manglar du medlemsnummeret ditt kan du sende sms med kode "FolkOrg" til 1950 og få ditt medlemsnr tilsendt (gratis tjeneste).
Arr: FolkOrg


