Bandet Reitir er ein kvintett fronta av Åsmund Nordstoga, Sarah Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt. På si første plate (vår 2024) presenterar dei dialektoversettingar av den skotske folkediktaren Robert Burns sine populære tekstar, på originalmelodiane frå den skotske songtradisjonen.

Peter Fjågesund har oversett ei stor mengde av den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns sine dikt til Vest-Telemarkdialekt. Burns sine dikt vart brukt som viser sunge på tradisjonsmelodiar, nett som mange av Telemark sine mest folkekjære diktarar.

To kvedarar frå Telemark, ein av samtidas beste felespelarar frå Skottland (Sarah Jane Summers) og sjølvaste Juhani Silvola på gitar og Morten Kvam på kontrabass har laga plate av dette. Det blir nye freske arrangement på skotske folketonar og slåttar, og alt på klingande vest-telemål.

Med inspirasjon frå kveding og rota i Sarah Jane sin skotske tradisjon blir konserten som sitt eige vesle grenseland ein stad uti Nordsjøen som hyllar dialektar, dei folkelege visene og den nære poesien til folkediktaren Burns.

Reitir oppstod og gjorde sin første turne i 2020-2021, med repertoaret som no kjem ut på plate, og opplevde veldig fin mottaking frå publikum.

Billettar i døra. 
250,- (ordinær)
150,- (student)
Kro i Gardsjordstoga etter konserten.

Her kan du lese meir om konserten (lenke).

Arr: Folkemusikkscena på Rauland