Velkomen til lanseringskonsert for vokalist Isa Holmgren si nye soloplate “Dans med meg”! Konserten skjer i Kuro Oslo laurdag 11. mai kl. 20. 

"Dans med meg" løfter fram trall til dans og samspelet mellom dansen og musikken. Målet med innspelinga var å utforske og leike med det musikalske, høyrbare samspelet mellom songen og dansens rørsler og lyd. Dette er ei unik plate som hadde med seg dansarar i studio som ein aktiv samspelspart. På plata alternerer trall til dans med solospor der låtmaterialet består av tradisjonar frå grensetraktene i Finnskogen. 

Plata vart spelt inn i oktober 2023 på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Vegar Vårdal var med som produsent, Synnøve Brøndbo Plassen som medprodusent og Fridtjof Lindeman som innspelingsteknikar. Medverkande dansarar på plata er Tone Ingvaldsen, Audun Grüner-Hegge, Solveig Brekke Hauknes og Torbjørn Bergwitz Lauen. Plata lanserast på plateselskapet Melovitten 26. april. 

På lanseringskonserten presenterast også ein kort del av danseforestillinga med same namn som plata. I lag med Tone Ingvaldsen har Isa teke fram ei førestilling som bygger på samspel, slik som ein instrumentduo, men denne gongen med song og dans - ein konsertversjon av plata på eit vis. 

Det blir sjølvsagt moglegheit for å kjøpe den heilt nye CDen “Dans med meg” denne kvelden. 



19:00 - Dørene opner 
20:00 - Konsertstart 
23:00 - Baren stenger 

Lokale: Kuro Oslo, Rathkes gate 9C 

Billetter: 200,- vaksen, 100,- student/ungdom (billettavgift kjem i tillegg) 
Kjøpast via Tikkio i forkant, eller med kort i døra.

Her kan du kjøpe billett.

Arrangør: Melovitten