Ottar Kåsa og Helene Waage - hardingfele og hardingcello solo og i samspel

Ottar Kåsa og Helene Waage innvia Ottars nybygde hardingcello under Telemarkfestivalen i 2023, til stor begeistring frå publikum. På Rauland spelar dei for første gong ein heil konsert saman, både soloslåttar og i samspel. Ottar har solid forankring i norsk tradisjonsmusikk, medan Helene hentar folkemusikk frå fleire delar av verda, særleg Noreg og Aust-Europa. I denne konserten vil dei utforske det magiske samspelet mellom hardingfela og hardingcelloen i fleire nye arrangement som spenner frå vare visetonar til drivande slåttar.

Ottar Kåsa (hardingfele) har hatt konsertar i inn- og utland, vunne Landskappleiken fire gonger, og gitt ut to prisvinnande soloplater. Han spelar òg i folkemusikkgruppa Resjemheia, som har gitt ut tre kritikarroste album. Ottar har master i folkemusikk frå USN og bur i Bø. Ottar er òg felemakar og har bygd ei mengd ettertrakta hardingfeler, og har utvikla og bygd ein hardingbratsj og ein hardingcello."

Helene Waage (hardingcello) har i mange år arbeidd som allsidig frilansmusikar, mellom anna med norsk folkemusikk i trioen Glima, austeuropeisk musikk med Gjertruds Sigøynerorkester, tverrkunstneriske prosjekt, og som terapeutisk musikar i eldreomsorga. Helene har musikkutdanning frå NMH og UiO, og har nyleg tatt doktorgrad ved UiA. For tida arbeider ho 50 % som universitetslektor ved Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg.

Billettar i døra.
250,- ordinær
150,- student
Kro i Gardsjordstoga etter konserten.

Her kan du lese meir om konserten (lenke).

Arr: Folkemusikkscena på Rauland