Velkommen til nyrbyrjarkurs på munnharpe!

Kurset er retta mot deg som ikkje har spelt før, eller nyleg har byrja å spele munnharpe.

Målet blir å lære grunnleggande teknikk og å prøve deg på å lære Røyskatten. 

Vi har 10 munnharper tilgjengeleg for lån, så i utgangspunktet er det 10 plassar.

Om du har eiga munnharpe i A, kan du vere med sjølv om vi blir fleire enn 10. Vel billetten for folk med eige instrument.

Det må vere minst 6 personar påmeldt for at vi skal gjennomføre. Om det ikkje blir mange nok påmelde, blir billettane betalt tilbake. 

Om du ikkje er medlem, kan du melde deg inn i Norsk munnharpeforum. Då får du lågare pris på våre arrangement og støttar arbeidet forumet gjer.

Meld deg på her kurset her

Arr: Norsk munnharpeforum