Gravensar og meisterspelemann Knut Hamre og skodespelar Liv Bernhoft Osa har laga ei framsyning med slåttespel, tekstar og historier som knyter saman store og små hendingar i Olav H. Hauge sitt liv.
Språket er utan tvil noko av det som gjer Olav H. Hauge til ein så særmerkt og omtykt diktar, både når det gjeld hans eigne dikt og gjennom innsatsen hans som attdiktar av lyrikk frå mange verdshjørne. Hauge skreiv med ein nynorsk målbunad som står høgnorsken nær. Likevel synest orda hans ikkje framande. Dei er lydmålande og undringsvekkjande og verkar på tvers av generasjonar til å gjere det usynlege synleg.
«Eg vert aldri ferdig med Olav H. Hauge. Du oppdagar heile tida noko nytt. Eg kan lata meg sluka av dagbøkene hans i timevis, og dei mangslungne dikta og tekstane hans gjev meg ein glytt inn i tankar og språk som lyfter det daglegdagse og små til noko stort og universelt» Liv Bernhoft Osa
Hamre og Osa har tidlegare gjort ulike framsyningar i lag basert på Hauge sine tekstar. Dei har kjent kvarandre heilt sidan Knut tok til i lære hjå far til Liv, Sigbjørn Bernhoft Osa då han var i 13-årsalderen. Sidan har dei møtst i ulike samanhengar, men fyrste gongen dei opptredde saman var under hundreårsjubilea for Geirr Tveitt og Olav H. Hauge på Hardingtonar i 2008.
No vil Liv og Knut gjerne ta med seg konserten «Fela og spelemannen rundt omkring i Norge. Konserten vart framført for full sal og til gode kritikkar for fyrste gong under Osafestivalen på Voss 2023, til resten av landet.
Billettar i døra 250,- / 150,- studentar
Kro og dans etter konserten

Arrangør: Folkemusikkscena på Rauland