Kurs og Folkemusikkpub
Spelemannslaget Dåm og Drag arrangerar kurs og folkemusikkpub i Vestnes laurdag 31.januar.
Det skal vere fire kurs:
-Kurs i folkeleg song ved Gro Kjelleberg Solli (for vaksne, lærarar og andre interesserte)
-Kurs i folkeleg dans ved Anna Gjendem (for vaksne, lærarar og andre interesserte)
-Kurs i torader / trekkspel ved Marius Berglund (for vaksne)
-Kurs i felespel ved Britt Elise Skram (for born og unge)
Kursa i dans og song er fine både for dei som ønsker å utvide repertoaret sitt og for dei som vil få inspirasjon til undervisningsopplegg. Spelekursa skal vise nytt repertoar og eksempel på enkel arrangering.
Etter kursa vert det Folkemusikkpub på MaRitz Kafeteria. Her vil Gro Kjelleberg Solli (song og lyre), Marius Berglund (trekkspel og torader) og Britt Elise Skram (fele) halde konsert. Det vil også bli Bygdajam og mulighet for å ta seg ein dans. Ta gjerne med instrument til jammen. Ein kan sjølvsagt komme på Folkemusikkpuben uten å ha vore på kurs.
Spelemannslaget Dåm og Drag er arrangør, og ønsker å invitere til ein dag med både fagleg påfyll og ein kjekk folkemusikkpub med mykje fin og variert musikk. Kursa og kvelden er støtta med midlar frå Sparebanken Møre og Møre og Romsdal Musikkråd ? med mål om å lage ein folkemusikkdag i Vestnes der vi gir gode opplevingar gjennom folkemusikk og folkedans.
Det er nokre ledige plassar på kursa, så det er berre å ta kontakt med nokon i Spelemannslaget Dåm og Drag
Arr: Spelemannslag Dåm og Drag
Les og på facebook


