Kurs i Vågåspringleik på Lillehammer 21. februar!
Har du lyst til å lære deg å danse springleik? Laurdag 21. februar kl. 11.00 - 14. 00 inviterer vi til kurs i Vågåspringleik på Lillehammer med Live Visdal og spelemann Kirsten Odde.
Kurset passer både for deg som er nybyrjar og for deg som har litt erfaring og ynsker å utforske springleik meir.
Påmelding til Kirsti Lier Ramberg på tlf. 97 68 74 97 innan 10. februar. Betaling skjer via Vipps 150 kr. til 583916.
Velkommen til ein hyggeleg dag på Kulturhuset Banken!
Foto: FolkOrg/Thomas Westling
Arrangement av Lillehammer spel- og dansarlag.


