Konsert med stjernetrioen Trio Alde
26. januar kl.16.00 inviterar Spelemannslaget Fjelljom til konsert med stjernetrioen Trio Alde på Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli i Stryn
Når dei tre landskjende og fargesterke folkemusikarane Berit Opheim frå Voss (song), Gabriel Fliflet frå Bergen (trekkspel, piano og song) og Jorun Marie Kvernberg frå Fræna (fele og song) har slege seg saman i Trio Alde får vi noko å sjå fram til for einkvar smak. Gabriel og Jorun Marie kjenner vi frå tidlegare konsertar her i området, og ho har hatt samarbeid men Gabriel sidan 2012. Berit Opheim gjestar oss for fyrste gong, men ho har godt samarbeid med Gabriel sidan 1980-talet. At ho nyleg var nominert til Nordisk Råd sin musikkpris fortel sitt. Ikkje berre har ho gått til topps på Landskappleiken for songen sin, men ho har og meistra rolla som Nattens dronning i Tryllefløyten av Mozart og trollbunde Carnegie Hall med tidlegmusikk i Trio Mediaevel. Gabriel sine finurlege introduksjonar kan vere grunn god nok for eit konsertbesøk. I tillegg til rykande instrumentalmusikk slengd ut av belg og boge, får vi servert nyskrivne melodiar til tekstar av Jan-Magnus Bruheim, Jon Fosse og Kjartan Fløgstad. Trio Alde har som motto: Lengting, liv og song.
Ungdomshuset Fjellvarden har etter mange konsertar siste åra fått svært godt rykte for klangen mellom tømmerveggane og den koselege atmosfæren, så arrangøren Fjelljom vert nærast nedrend av spørsmål frå artistar som vil kome. Sidan vi sa ja til denne søndagskonserten kl 1600, vert det og servert ettermiddagskaffi med noko attåt.
Arr: Spelemannslaget Fjelljom
Foto: Thor Hauknes