Erlend Svindland og Jonathan Jansson er elevar ved landslina i folkemusikk på Vinstra vidaregåande skule. Onsdag 12. februar kl. 19 vil dei halde ein konsert på Nord-Fron bibliotek, der dei spelar primært eigenkomponert folkemusikk. Gjennom duoprosjektet får Erlend og Jonathan fridom til å vera kreative innanfor folkemusikken og andre musikalske uttrykk.

Gratis inngang, konserten varar i ca. ein time.
Påmelding til biblioteket fyrst: 61 21 62 20
bibliotek@nord-fron.kommune.no

 

Arrangement av Nord-Fron bibliotek

Les om konserten her