Velkommen til jubileumsfest for Hyen spelemannslag 55 år 18. oktober!
I år fyller Hyen spelemannslag 55 år, og det må feirast! Hyen spelemannslag og Hyen bygdekvinnelag ynskjer velkomen til jubileumsfest i Hyen laurdag 18. oktober kl. 19:30 i Hyen samfunnshus og idrettsbygg. Dei har invitert med seg eit flott lag av bidragsytarar til konsert og dansespel!
Hyen spelemannslag spelar på konserten, og har med seg eit fint lag: Medlemane Marthe Aa og Fredrik Hope held på å samle og skrive om folkemusikken frå Hyen, og vil dele nokre høgdepunkt av song og spel frå bygda. Hilde Gunn Ommedal vil fortelje om historia til Hyen spelemannslag. Det unge toradartalentet Vegard Kvestad slektar frå Hyen, og har gjort det skarpt på både landskappleiken og landsfestivalen dei siste åra.
Etter matøkta vert det dansespel frå dei gode spelevenene våre i Spelemannslaget Fjelljom, Austrheim musikklag, Naustedalen spelemannslag og Gloppen hardingfelelag, i tillegg til Vegar Kvestad og oss i Hyen spelemannslag.
Hyen bygdekvinnelag sel betasuppe og kaker.
Billett: 100 kr
Les meir informasjon på Facebook-arrangementet her (lenkje).
Illustrasjon: Henrik Koppen
Arrangør: Hyen spelemannslag