Bli med på instruktørkurs i folkedans med fokus på runddansrytmar 8.-9. november 2025 i Steinkjer!
Kurset skjer i samarbeid med og parallelt med Hilmarfestivalen og HilmarUng. På kveldstid kan du gå på konsertar og dansefest i regi av Hilmarfestivalen. Alle kursdeltakarar får tilbod om gode prisar på festivalen.
Påmeldingsfrist: torsdag 23. Oktober kl. 23:59 via Checkin.
Om kurset
Runddans er ein sentral dansefamilie innanfor norske dansetradisjonar og på dette instruktørkurset går me inn på rytmaneinnanfordei fire runddansane vals, masurka, polka og masurka. Her vil me gå inn på lokale runddansvariantar der det er naturleg og rundansrytmer sett i samanheng med bygdedans, songdans, turdans og songleikar. Du lærer gjennom dette metodar for å læra bort og leia dans.
Målgruppe
Dette kurset er for deg som vil lære meir om korleis du kan instruere i folkedans med fokus på runddansrytmar. Du bør ha erfaring med dei ulike runddansane.
Om instruktøren
Denne gongen har vi fått med oss dyktige Inga Myhr til å halde kurs. Ho kjem frå Trysil, bur no i Bergen og er ein av fire folkedansarar med bachelor i utøvande folkedans frå NTNU. Ho har vore sentral som instruktør og pedagog i fleire Bygda Dansar-prosjekt og som prosjektmedarbeidar i eitt av fylka der Bygda Dansar har funne stad. Inga har mykje erfaring som instruktør og kurshaldar for ulike aldersgrupper. Ho har eit breitt repertoar og god kjennskap til fleire ulike folkedanssjangrar i tillegg til eit stort engasjement for folkedansen.
Musikar: info kjem.
Timeplan: Kurs laurdag 09:30-16:30, sundag 10-15.
Pris: 500,- for medlemmar i NU, ikkje-medlemmer 1000,- (inkl. lunsj begge dagar).
Kursdeltakarar får gode prisar på billettar på Hilmarfestivalen!
Meir informasjon finn du på nettsida til Noregs Ungdomslag her (lenkje).

Kurset er arrangert av Noregs Ungdomslag og støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
Arrangør: Noregs Ungdomslag