Inspirasjonskurs: Torader med Silja Lid Strysse
Spelar du torader og kan tenke deg å lære nye slåttar og spisse teknikken?
13. september vert det kurs på torader med Silje Lid Strysse på Vestnes.
Silja Lid Strysse kjem frå Kongsberg og har spelt torader sidan ho var sju år. Ho diggar å spele torader og har dei siste åra delteke i konkurransar mellom anna på Landsfestivalen og Landskappleik. No er ho student på Ole Bull akademiet på Voss og gler seg over å drive på med folkemusikk på heiltid.
Kurs 1: kl. 10.00 - 11.30 - for deg som ikkje har spelt så mykje
Kurs 2: kl. 12.00 - 16.00 - for deg som er vidarekomande på torader
På kurset vert det nytta G/C-torader
Stad: Myra kulturbygg, Vestnes
Arrangør: Møre og Romsdal folkemusikklag og Folkemusikkarkivet i Viti
Påmelding/billett:
https://booking.duell.no/stiftinga-viti/standard/event/inspirasjonskurs-torader-9233
Foto: Thomas Westling / FolkOrg