Hekate er ein nyetablert vokaltrio som utelukkande syng musikk ein kan danse til. Alle tre har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena, og no har dei slått seg saman for å gi publikum det dei endå ikkje veit at dei vil ha - ein time med kompromisslaus kveding i klubbsetting. Repertoaret består av slåttemusikk frå heile landet, framført vokalt og med improvisasjon som eit av hovudelementa. Målet er at publikum ikkje har sjans til å stå stille når dei sett i gang.

Dei tre stemmene i trioen er både ulike og like, og dette bidreg til å skape eit dynamisk lydbilete med eit breitt spekter av klang. Dei hadde sin debutkonsert på Tuvas Blodklubb på Riksscenen, og skapte der eit rom med dans, lytting og begeistring for slåttemusikken. Sidan då har dei vore eit heitt samtaletema i folkemusikkmiljøet i Norge. Trioen spelte på Lindmo på NRK, den 08.03.24. På Landskappleiken i Gol har dei toppet open klasse som trio og Vokal A kvar for seg.

Foto: Guro Sommer

Hekate er:
Synnøve Brøndbo Plassen
Malin Alander
Silje Risdal Liahagen

Billettar i døra. 
250,- ordinær
150,- studentar
Kro etter konserten

Her kan du lese meir om konserten (lenke).

Arr: Folkemusikkscena på Rauland